Markvandring i Lesjaverk

19. september 2013 | Ingen kommentarar

Søndag 22. september arrangerer Lesja Historielag markvandring i Lesjaverk med Einar Morken som kjentmann. Frammøte ved Valtuva  –  avkøyringa vest for Sandan vil bli skilta.

Vi går i lett turterreng langs Gamle Kongeveg til Olavskjelda, Skåpårtjønn, Karustjønn og Kolbrennarkoia. Ta gjerne med niste og varm drikke. Vel møtt!

Smedelevsamling på Lorkverna

13. august 2013 | Ingen kommentarar

Torsdag 22. –laurdag 24. august har smedelevane frå handverksskulen på Hjerleid samling på Lorkverna for å lære korleis jern vart produsert av myrmalm i tidlegare tider. Jostein Espelund er fagleg ansvarleg for opplæring i prosessane.

Elevane skal lære å brenne sitt eige kol, røste malmen, og å blestre jern i sjaktomnen.

Med desse 10 – 12 nye smedelevane følgjer det mykje liv og spel! Dei møtest onsdag på Hjerleid, så dette er første samanristinga, og prøva på kven som er den sprekaste hanen i korga.

Fredag og laurdag vil det vera aktivitet på alle område, frå ca. kl. 1100 til kl. 1500. Da blir kolmile og blester tømt, og vi veit noko om resultatet. Og alle dagar sprutar vatnet frå vasshjul, røyken står frå røstebål og blester og det skjer noko! På same tid går sjølvsagt mølla og stampa.Og heile tida brenn kaffevarmen, og grillen er varm.

Ei ny bru er bygd over Lora, slik at bevegelseshemma kan køyre gjennom bommen (kr 10) og om Gml. Berntvegen og nesten heilt fram til Lorkverna.

006

Bruopninga 15. juni.

3. juli 2013 | Ingen kommentarar

Lesja Historielag hadde offisiell opning av brua ved Lorkverna 15. juni. Bort imot 200 personar møtte fram og var med da Magnus Jøndal markerte opninga ved å klippe eit sløyfeband som var spent tvert over midt på brua. Deretter gjekk alle over brua og sessa seg på benker og medbrakte campingstolar ved Lorkverna. Kjøremgrenda musikkforening spela festleg hornmusikk, Jan Stavheim las dikt og leiaren i historielaget, Oddvar Romundset fortalde om brubygginga og om andre prosjekt historielaget arbeider med. Einar Utgaard helsa frå Lesja Bygdemuseum, eigarstiftinga, og frå kommunen, og hadde med ei gåve på 10.000 kroner frå kommunen. Gunnar Storhaug helsa frå Lesja Bulldoserlag, og hadde med eit gåvebrev på grus og transport m.m. på 6.500 kr. Det var også kome helsingar frå Eldri og Benne Storhaug, Statskog v/ Trond Berger og frå Jora Bygg og Laft.

Gunnar Åvangen helsa frå DNB og Sparebankstiftelsen og overrekte ein sjekk på 200.000 kr til opparbeiding av ein natur og kultursti på nordsida av Lora elv.

Etter programmet kunne Rolf Sørumgård og Eldri Riise by på jordgropsteikte lammelår med brød og salat, heimebrygga øl, kaffe og spesiallaga brukake frå Dombås bakeri.  Maten fall i smak, og veret var vakkert, så dei fleste gav seg god tid og vart verande til langt ut på kvelden.

Brua pynta til fest

Brua pynta til fest