Kongens fortenestemedalje til Odd Reidar Hole
24. april 2014 | 3 kommentarar
Nestor i Lesja Historielag, Odd Reidar Hole er tildelt Kongens fortenestemedalje for sin aktive samfunnsinnsats, ikkje minst gjennom historielaget. Saman med familie, venner, ordføraren og styret i historielaget mottok Odd Reidar medaljen frå kongens sendebod, fylkesmann Kristin Hille Valla under ei tilstelling på Tunstugu på Lesja den 23. april. Fylkesmannen gjekk gjennom grunngjevinga for tildelinga og nemnde m.a. Lorkverna, Lesja Bygdetun, registreringsarbeid, artiklar i Årbok for Lesja Historielag m.v. Ordførar Steinar Tronhus gratulerte på vegne av kommunen og bygdafolket og framheva betydninga av Odd Reidar sin innsats i kommunestyret, landbruksnemnda, prestegardstilsynet, soknerådet og historielaget, og at det som står att etter han der, har stor betydning for Lesja kommune . Frå historielaget helsa Tor Einbu og Oddvar Romundset. Dei framheva Odd Reidar sine evner som miljøskapar i tillegg til den store arbeidsinnsatsen han har lagt ned for historielaget. Berit Meiningen helsa frå eigarstiftinga for Lesja Bygdemuseum og frå Kyrkjeleg råd og påpeika Odd Reidar sin store innsats med bygningane ved bygdetunet og kyrkja, og for aktivitetene i tilknytning til desse sentrale institusjonane i Lesja.
Fylkesmann Kristin Hille Valla deler ut Kongens fortenestemedalje til Odd Reidar Hole