Markering av at det er 200 år sidan lesjingane svor truskap til fedrelandet!

Dette dokumentet vart underteikna av elleve lesjingar og  to dovringar i Lesja kyrkje søndag 4. mars 1814. Her forplikta dei folket i bygdene våre til «at hævde Norges Selvstændighed, og at vove Liv og Blod for det ælskede Fædreneland». Samstundes valde dei bonden Pål Tofte og lensmann Hans Lemmich Juell til å vere med på å velje utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll.

Førstkomande messesøndag, den 2. mars 2014 kl. 11.00 vil historielaget i samarbeid med kyrkja  markere 200-årsdagen for denne hendinga. Møt fram så får du vite meir om denne hendinga og om dei som fronta saka i gamle Lesja prestegjeld som den gongen omfatta både Lesja, Dovre og Øvre Folldalen.017

Skriv ein kommentar