Dugnadsfest – møllarfest

14. januar 2016 | Ingen kommentarar

Alle som har gjort ein dugnadsinnsats for Lesja Historielag  på Lorkvenna,i turstigen, med årboka eller andre prosjekt, er hjarteleg velkomne til dugnadsfest i steinfjoset i Jønsonbrenna fredag 22. januar kl. 19.00. Vi har eit allsidig program med musikk og sang, overraskande besøk, talar og mykje anna. Det blir servert gløgg med og utan, rømmegraut og spikjemat, kaffe og kaker. NB! Påmeldingsfrist måndag 18. januar. Påmelding til tlf. 480 43 824 /61243186. Om innsatsen har vore stor eller liten – vi oppfordrar alle til å melde seg og lovar det skal bli ein triveleg kveld i spesielle omgivnader. Nedanfor er eit tilfeldig utval av bilete frå ulike dugnader i året som gjekk.

Tilfeldig utval av bilete frå ulike dugnader i året som gjekk.

Frå matkulturkveld på Joratunet

005 050

P1060276

Dugnadsarbeid på Lorkverna

Årbok 2015 – kva handlar ho om?

5. desember 2015 | Ingen kommentarar

Midten av 1700-talet var på mange måtar ei kulturell blomstringstid i det gamle Lesja prestegjeld som da omfatta både Lesja, Dovre og øvre Folldalen. KM Bjørneby har i samarbeid med Tor Einbu skrive ein rikt illustrert artikkel om industri og handverk i denne tida.

Saman med Hans Enstad held Odd Reidar Hole fram med artikkelserien om kverner og sager  –  i år tek dei for seg strekninga frå Lesjaverk til Skottåa.

Fleire artiklar inneheld minne frå barndom og ungdom under og etter 2. verdskrigen. Med svært ulike utgangspunkt fortel Arne Egge, Helge Vorkinn og Svein Liven om oppvekst i Lesja under og etter okkupasjonen, Ingunn Sæther og Rigmor Slettum fortel om dei som vart tvangsevakuerte frå Finnmark og Nord-Troms og Sigmund Sæther om lesjingar i Tysklandsbrigaden etter krigen.

Etter krigen og fram til på 80-talet var produksjon av treslipert til jernbana ei viktig attåtnæring i Lesja. Aud Einbu har i samarbeid med Per Arild Bjørnland ein artikkel om dette og om grunnen til at denne næringa vart så viktig i Lesja.

Tore Pryser har ein artikkel om Wiborgslekta i Gudbrandsdalen, og spesielt dei som hadde tilknytning til Lesja.

Inger Johanne Torstad presenterer resten av dagboksnotatane etter Marie Traasdahl. Erindringane til Trond Nørstegård frå første halvdel av 1900-tale blir avslutta med etterord av sonen Ove.  Ivar Skotte har ein artikkel om dagboka til bestemor si frå då ho og mennen tok ein lengre tur til Amerika i 1923/1924 for å besøke slektningar.

Ingvill Tøndevoldshagen  fortel om ei dramatisk drukningsulykke på Aursjøen i 1975,  Odd Reidar Hole om Kari Hattrem, Hans Enstad om Brit Vetl-Lykkjun,  og Rolf Torsplass om far sin, John Torsplass. Vidare fortel Liulv Lotten om gamle postkort, John S. Einbu om setrane i Bjølåsgrenda og John Mosenden om Flatruste, ei slette i skogen aust for Melie.

Til slutt har har Benedicte Friis Furulund ein artikkel om aktivitetane på bygdatunet det siste året, og leiaren i historielaget, Oddvar Romundset fortel om sommarsesongen på Lorkverna og  om årets Olsokfest. Heilt til slutt har vi ein kortversjon av årsmeldinga for Lesja Historielag for 2014.

IMG_0127

 

Tørstugu på Lorkverna

4. november 2015 | Ingen kommentarar

Tørstugu slik ho stod fram til november 2015

Tørstugu slik ho stod fram til november 2015

Klebersteinsomnen i tørstugu

Klebersteinsomnen i tørstugu

 

Hjellane der kornet og maltet vart tørka. Desse er i to høgder og av tre. I mange tørstuguer var hjellane av steinheller

Hjellane der kornet og maltet vart tørka. Desse er i to høgder og av tre. I mange tørstuguer var hjellane av steinheller


Da Lorkverna var i tradisjonell drift fram til på 30-talet, var det i tillegg til kvernhuset, stall, bustadhus for møllaren, tørstugu og stampehus på området. Som kjent er alle husa så nær som tørstugu bygd opp att eller restaurert. Den gamle tørstugu er forlengst forsvunne, men det er lett å få auga på restar av murane ho stod på, tomta var midt i det området som no er møblert med bord og benkar. Tørstugune vart først og fremst nytta til å tørke kornet før maling og til tørking av malt for ølbrygging. Enkelte gardar hadde eiga tørstugu, men ofte hadde fleire gardar tørstugu i lag.  På grunn av brannfaren stod tørstugu gjerne i trygg avstand frå gardstuna. Slik var det med to Tordhol-gardar  og to Skarphol-gardar, dei åtte tørstugu i lag og ho låg øvst i jordet langt frå dei andre husa. I denne tørstugu var klebersteinsomnen, pipa og hjellane der dei la kornet  framleis intakt, men huset bar preg av at det ikkje hadde vore brukt dei siste 60-70 åra. Etter initiativ frå Lars B Tordhol fekk historielaget i haust tilbod om å overta huset vederlagsfritt for flytting og oppsetting ved Lorkverna. Styret i historielaget tok med takk imot tilbodet og fekk overlevert ei overdragelseserklæring underteikna av dei fire eigarane, Bjørn Magnus Tordhol, Håkon Oddbjørn Tordhol, Bernt Ivar Tordhol og Lars B Tordhol.

Første veka i november hadde vi dugnad på nedtaking og flytting av tørstugu frå Tordhol til Lorkverna. Der har vi funne ny tørstugutomt på plassen sør for stallen. Tre traktorar og sju mann var i aktivitet, og både tømmeret og steinen vart køyrt fram til tomta og lagt klart for gjenreising. Bileta viser tørstugu slik ho stod før flyttinga.