Årbok 2015 – kva handlar ho om?

Midten av 1700-talet var på mange måtar ei kulturell blomstringstid i det gamle Lesja prestegjeld som da omfatta både Lesja, Dovre og øvre Folldalen. KM Bjørneby har i samarbeid med Tor Einbu skrive ein rikt illustrert artikkel om industri og handverk i denne tida.

Saman med Hans Enstad held Odd Reidar Hole fram med artikkelserien om kverner og sager  –  i år tek dei for seg strekninga frå Lesjaverk til Skottåa.

Fleire artiklar inneheld minne frå barndom og ungdom under og etter 2. verdskrigen. Med svært ulike utgangspunkt fortel Arne Egge, Helge Vorkinn og Svein Liven om oppvekst i Lesja under og etter okkupasjonen, Ingunn Sæther og Rigmor Slettum fortel om dei som vart tvangsevakuerte frå Finnmark og Nord-Troms og Sigmund Sæther om lesjingar i Tysklandsbrigaden etter krigen.

Etter krigen og fram til på 80-talet var produksjon av treslipert til jernbana ei viktig attåtnæring i Lesja. Aud Einbu har i samarbeid med Per Arild Bjørnland ein artikkel om dette og om grunnen til at denne næringa vart så viktig i Lesja.

Tore Pryser har ein artikkel om Wiborgslekta i Gudbrandsdalen, og spesielt dei som hadde tilknytning til Lesja.

Inger Johanne Torstad presenterer resten av dagboksnotatane etter Marie Traasdahl. Erindringane til Trond Nørstegård frå første halvdel av 1900-tale blir avslutta med etterord av sonen Ove.  Ivar Skotte har ein artikkel om dagboka til bestemor si frå då ho og mennen tok ein lengre tur til Amerika i 1923/1924 for å besøke slektningar.

Ingvill Tøndevoldshagen  fortel om ei dramatisk drukningsulykke på Aursjøen i 1975,  Odd Reidar Hole om Kari Hattrem, Hans Enstad om Brit Vetl-Lykkjun,  og Rolf Torsplass om far sin, John Torsplass. Vidare fortel Liulv Lotten om gamle postkort, John S. Einbu om setrane i Bjølåsgrenda og John Mosenden om Flatruste, ei slette i skogen aust for Melie.

Til slutt har har Benedicte Friis Furulund ein artikkel om aktivitetane på bygdatunet det siste året, og leiaren i historielaget, Oddvar Romundset fortel om sommarsesongen på Lorkverna og  om årets Olsokfest. Heilt til slutt har vi ein kortversjon av årsmeldinga for Lesja Historielag for 2014.

IMG_0127

 

Skriv ein kommentar