«Ka sa du?» – kulturkveld om dialekt og lokale ord og uttrykk.

14. september 2016 | 1 kommentar

I samarbeid med Lesja dialekt- og mållag arrangerer Lesja historielag kulturkveld i kulturhuset på Lesja torsdag 29. september kl. 19.30. Språkforskar, ordboksredaktør, humorist og spelemann Tor Erik Jenstad vil kåsere om dette temaet, og han tek gjerne imot spørsmål og kommentarar frå salen.

Tor Erik Jenstad er frå nabokommunen vår, Sunndal, og har såleis god kjennskap til dialektene i Lesja og Dovre. Han arbeider no ved NTNU i Trondheim og er m.a. kjent for artige innspel i programmet «Språkrøret» i P2, og han har  fast dialektspalte i lokalsendinga for Trøndelag.

Som musikar er Tor Erik Jenstad kjent frå gruppa «Hørkelgaddan», og han fekk spelemannsprisen i 1981 i klassa folkemusikk/gamaldans.  Han er framleis aktiv musikar og er m.a. med i Oppdal spell og dansarlag. Han har lova å ta med seg trekkspelet til Lesja slik at vi kan få høyre kva han er god for.

qz-kidjg3eaokxxwcub8tasu0ggvjjo0yyckuzcogzka

På kulturkvelden blir det seld kaffe og kringle, og inngangspengar er kr. 100,-

Vel møtt!

Vandring langs gamle vassvegar

28. juni 2016 | 2 kommentarar

Søndag 3. juli arrangerer historielaget tur til Horrongen for å sjå korleis vatningsvatn frå Raudbekken på Dalsida vart overført til Kyrkjebygda. Tur-retur er turen omlag 10-12 km, og høgdeforskjellen er ca. 700 m. Turen går i roleg tempo, og vi reknar med å bruke heile dagen. Kjentmenn er Arve og Jorunn Einbu.

Frammøte ved Kolstadteigen kl. 09.00. Vi er avhengige av godt ver på turen, så i tilfelle dårleg ver blir turen avlyst. Turen er open for alle interesserte!

Omvisning og besøk på Lorkverna sommaren 2016

26. juni 2016 | Ingen kommentarar

Lorkverna er open for besøk heile året. Ved besøk utan omvisning oppmodar vi alle om å betale kr. 20 pr. vaksen. Putt pengane i bøssa på stallveggen. I tida 20. juni – 20. august er Lorkverna open for omvisning fredag-søndag kl 12.00 – 17.00. Omvisninga kostar kr. 50,- pro pers. Barn gratis. Overnatting i møllarstugu må tingast spesielt på tlf.480 43 824. Overnattinga kostar kr. 100,- pr vaksen. Barn gratis.

Ønskjer du å ha organiserte lag eller samlingar på Lorkverna som bursdagsfeiring, utdrikkingslag, slektstreff m.v. må det avtalast særskilt både tidspunkt og pris. Om ynskjeleg kan vi prøve å skaffe omvisar utanom dei faste tidene. Ring i tilfelle tlf.  480 43 824.

DSC00434