«Ka sa du?» – kulturkveld om dialekt og lokale ord og uttrykk.

I samarbeid med Lesja dialekt- og mållag arrangerer Lesja historielag kulturkveld i kulturhuset på Lesja torsdag 29. september kl. 19.30. Språkforskar, ordboksredaktør, humorist og spelemann Tor Erik Jenstad vil kåsere om dette temaet, og han tek gjerne imot spørsmål og kommentarar frå salen.

Tor Erik Jenstad er frå nabokommunen vår, Sunndal, og har såleis god kjennskap til dialektene i Lesja og Dovre. Han arbeider no ved NTNU i Trondheim og er m.a. kjent for artige innspel i programmet «Språkrøret» i P2, og han har  fast dialektspalte i lokalsendinga for Trøndelag.

Som musikar er Tor Erik Jenstad kjent frå gruppa «Hørkelgaddan», og han fekk spelemannsprisen i 1981 i klassa folkemusikk/gamaldans.  Han er framleis aktiv musikar og er m.a. med i Oppdal spell og dansarlag. Han har lova å ta med seg trekkspelet til Lesja slik at vi kan få høyre kva han er god for.

qz-kidjg3eaokxxwcub8tasu0ggvjjo0yyckuzcogzka

På kulturkvelden blir det seld kaffe og kringle, og inngangspengar er kr. 100,-

Vel møtt!

Ein kommentar to “«Ka sa du?» – kulturkveld om dialekt og lokale ord og uttrykk.”

  1. Marge sa:

    Åja! At dette skjer er et godt tegn, men vi her, må nok vente enda lenge på våren! Fint å høre på fuglene uantets! -Margit-

Skriv ein kommentar