Årsmøte i Lesja Historielag

3. mars 2018 | Ingen kommentarar

Det er innkalla til årsmøte i Lesja Historielag torsdag 15. mars kl. 19.00. på biblioteket, Lesja skule. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vil vi presentere filmen «Lorkverna – frå forfall til ny aktivitet». Filmen ligg ute på nettet, men vil også bli å få kjøpt på minnepinne.

Servering og tid til ein skikkeleg historielagsprat. Loddsalg. Alle er velkomne!

Før årsmøtet består styret av Magnhild Enger Lia, Aagot Sørumgård Botheim, Marit Kolstad, Rolf Sørumgård, Oddvar Romundset, Einar Morken og Kjell Erik Meiningen. Sigmund Kolstad er engasjert som kasserar og tiltrer styret, men er formelt ikkje medlem.

Dugnadsfest i Jønsonbrenna

22. februar 2018 | Ingen kommentarar

 

Fredag 16. februar var ein stor del av dugnadsfolket i Lesja historielag samla til den årlege dugnadsfesten. Det var «møllarane», boknemnda, Lorkvern-komiteen, styret og andre dugnadsfolk, og for tredje året på rad foregjekk festen hjå KM Bjørneby i Jønsonbrenna.

Leiaren i historielaget, Oddvar Romundset, ønskte velkomen og gjekk gjennom dei ulike dugnadsprosjekta laget har hatt det siste året og takka kvar enkelt især for den store innsatsen dei har lagt ned til beste for laget og for kulturvernarbeidet i Lesja.

I fjor vår var historielaget vertskap for årsmøtet i Gudbrandsdal Historielaget, og vi var da stolte av å kunne syne fram kva laget vårt gjennom stor dugnadsinnsats har fått til, både på Lorkverna og på andre område.

Tor Einbu og Tommy Paulsen presenterte deretter ein video dei hadde laga for historielaget. Videoen  handla om oppbygginga og restaureringa av Lorkverna det første tiåret etter tusenårsskiftet. Den var produsert på grunnlag av opptak som Otto Kornkveen hadde gjort. Videoen har tittelen «Lorkverna  –  frå forfall til ny aktivitet» . Den vekte stor begeistring i forsamlinga og leiaren overrekte blomster og takk til Otto, Tor og Tommy.

Lesja-sangen vart songe unisont før Marit Tordhol serverte nydeleg kjøtsuppe med rundstykke attåt. Seinare song vi møllarvisa, og Audun Høgbrenna las eigne dikt til stor glede for forsamlinga. Etter kvart vart det kaffe og kringle å få, og dei frammøtte hygga seg med prat og gode historier til langt utpå kvelden.

Videoen er no tilgjengeleg på nettet; berre klikk på linken vi har lagt ut til høgre på heimesida. Videoen vil også bli lagra på minnepinnar som blir å få kjøpt slik at videoen kan køyrast uavhengig av nettet.

Audun Høgbrenna les om rabarbra og ripsbusk!

Bjørg Nordset får Lesja kommunen sin kulturpris for 2017

22. november 2017 | Ingen kommentarar

                   Kaffepause  heime hjå Bjørg under arbeidet med kakejernboka.
Livsløpsstyret i Lesja vedtok i møte 20. november at Lesja kommune sin kulturpris for 2017 blir tildelt Bjørg Nordset. Lesja Historielag vil ønskje Bjørg til lykke med prisen! Den er så fortent og vi er så stolte av å ha ein slik ressursperson blant våre aktive medlemmer.
Bakgrunnen for at ho får denne prisen og grunngjevinga frå livsløpsstyret er følgjande:
Bjørg Nordset har gjennom ei årrekkje vore engasjert i ulike typar kulturarbeid, og er ein tradisjonsberar av rang, særleg innan matkultur. I Lesja har vi rike  mattradisjonar som har vore halde godt  i hevd.  I 1995 gav Lesja bygdekvinnelag ut boka Mat frå gard og grend – om mat og matkultur i Lesja og Gudbrandsdalen gjennom 100 år med Bjørg Nordset som redaktør. Boka er blitt svært populær og har kome i fleire opplag; 4. opplag er i sal nå. Boka har bidrag frå heile bygda, men det er ingen tvil om at Bjørg drog det tyngste lasset og at boka er prega den store kunnskapen ho har om mat og matkultur.
Før jul i fjor gav Lesja historielag ut med boka «Kakejern» med Bjørg Nordset som forfattar. Boka byggjer på eit stort registreringsarbeid som er utført av eldsjeler i Lesja historielag med Odd Reidar Hole i spissen. Boka tek for seg utviklinga av både kakejerna og kakene – og viser kva for rik kulturtradisjon kakejerna representerer både i smedkunst og matkunst. Så langt vi veit, er dette første gongen denne kulturtradisjonen er komen i bokform. Bjørg Nordset har sterk bakgrunn i mattradisjonane i Lesja og har utdanning frå Statens lærarskule i husstell på Stabekk. Ho har ei lang yrkeskarriere bak seg som lærar i heimkunnskap i grunnskulen. På fritida har ho vore kurslærar og fagansvarleg på fleire nivå, frå matkurs i regi av det lokale bygdekvinnelaget til meir langvarige og kompetansegivande kurs på høgskule- og universitetsnivå, med kurs på Hjerleid og i Midt-Gudbrandsdalen.
For Lesja historielag har Bjørg i mange år lagt ned ein stor innsats på fleire område. Ho har delteke som komitemedlem og matansvarleg på utallige kulturarrangement, ho har halde interessante foredrag om ulike emne innan matkultur  og ho har støtta opp om arbeidet med Lorkverna og er fast leverandør av mjølposar med fargetrykk til Lorkverna.
Bjørg Nordset har  også stilt opp med kunnskapen sin og har late seg engasjere også i utviklinga av lokal verdiskaping. Ho var med i arbeidsgruppa «Separator’n» som var namnet på ad hoc-gruppa som vart danna i samband med nedlegginga av  Lesja Ysteri i 1997. Dette vart forløparen til etableringa av Lesja Kulturkjøkken AS  i 2001, som seinare vart til Avdem Gardsysteri AS (2005). I den tidlige fasa av historia til Avdem Gardsysteri hadde Bjørg ei vesentlig rolle, som kulturberar og gjennom praktisk arbeid med prøveproduksjonen.