Årsmøte i Lesja Historielag

Det er innkalla til årsmøte i Lesja Historielag torsdag 15. mars kl. 19.00. på biblioteket, Lesja skule. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vil vi presentere filmen «Lorkverna – frå forfall til ny aktivitet». Filmen ligg ute på nettet, men vil også bli å få kjøpt på minnepinne.

Servering og tid til ein skikkeleg historielagsprat. Loddsalg. Alle er velkomne!

Før årsmøtet består styret av Magnhild Enger Lia, Aagot Sørumgård Botheim, Marit Kolstad, Rolf Sørumgård, Oddvar Romundset, Einar Morken og Kjell Erik Meiningen. Sigmund Kolstad er engasjert som kasserar og tiltrer styret, men er formelt ikkje medlem.

Skriv ein kommentar