Årsmøte i Lesja Historielag på Solheim, Lesjaverk onsdag 27. mars 2019 kl. 19.00.

23. mars 2019 | Ingen kommentarar

Ved Gruvlistigen har vi av dei  mest interessante kulturminna i Lesja

 

Styret i Lesja Historielag har den gleda å be inn til årsmøte på Solheim, Lesjaverk. Etter sjølve årsmøtet vil vi orientere om historielaget sine planer for 2019.

9. klasse ved Lesjaskog skule vil ordne med kaffeservering og leiaren i Lesja og Dovre krigsminneforrening, Rune Nørstegård,  vil kåsere om krigsminna i Lesja.

Det blir loddsal og blant gevinstane er den berømte Lorkvernkoppen, dekorert av Lorkvenn-verten framfor alle andre, Odd Reidar Hole!

Vi kan også lova eit kunstnerisk innslag før møtet tek til!

Vel møtt!

Kveldsseto måndag 18. mars kl. 19.00 startar i Lesja kyrkje!

12. mars 2019 | Ingen kommentarar

Lesjakyrkja er tema for kveldsseto denne gongen. Vi møtest i kyrkja der kyrkjeverje Torunn Stavheim vil fortelje om kyrkjebygget og utsmykninga. Vi vil sjå nærare på treskurden i altertavla og preikestolen som Jakob Bersveinson Klukstad var meister for. Og vi vil studere målinga av inventar, tak og vegger slik den står att etter Ragnvald Einbu. Vi vil også sjå på dei andre detaljane  i kyrkjerommet og høyre historiene om dei. Etter omvisninga og samtalen i kyrkja, fortset kveldsseto i Hattremstugu der det blir kaffespleis og ein god prat der også.

NB: Legg merke til tidspunktet: Måndag 18. mars kl. 19.00.

 

Kveldsseto i tunstugu torsdag 14. februar kl. 19.00

9. februar 2019 | Ingen kommentarar

Temaet er registrering av gamle buer i fjellet. Med det første vil vi legge ut eit dataprogram på heimesida vår der interesserte kan legge inn opplysningar om og bilde av gamle buer, burestar og læger , kulturminne som det finst mange av i fjellet i Lesja. Målsettinga er å få ein oversikt over det som finst av slike kulturminne, og at vi ein gong i framtida kan gje ut ei bok om dei.

Ola Tovmo har utvikla dataprogrammet, og han vil demonstrere korleis det kan brukast. Dovre Historielag har brukt det eit par år, og representantar frå laget vil vera med og fortelje om sine erfaringar med dette.