Offisiell opning av brua ved Lorkverna 15. juni kl. 13.00

018

Brua over Lora har vore eit stort lyft for Lesja Historielag. Vi ynskjer derfor å ha ei skikkeleg markering av at brua no er på plass. Vi har engasjert Kjøremgrenda Musikkforening til å vere med på å skape ei festleg ramme rundt markeringa. Det vil bli klipping av sløyfeband, diktlesing, talar og helsingar. Og ikkje minst blir det servering av jordgropsteikt lammelår med tilbehør, heimebrygga øl, kaffe, saft og ei spesiell brukake. Denne dagen er all servering gratis!

Vi har bestilt godt ver, og det vil bli god tid til sosialt samvær, til å gå turar i området og til å sjå korleis kverna, stampa, blesteret, og kolmila fungerer. Vi har bra med benker til å sitja på, men vi ventar stort innrykk, så det kan vere lurt å ta med seg campingstol. Vi håpar at mange framlis vil bruke den «gamle» vegen langs sørsida av Lora, men spesielt for den som er dårleg til beins, kan det vere ein fordel å  kome frå Lordalsvegen, avkøyringa ved det kommunale renseanlegget.

Arrangementet blir kunngjort i avisene og med plakatar  –  alle er velkomne!

Skriv ein kommentar