Metallsøking
Laurdag 9. mai gjennomførte Lesja historielag første kurs i metallsøking, med arbeidsgruppa og fire andre. Vi starta med gjennomgang av regelverket, og forskjellige typer funn ein kan rekne med på dyrka mark.
Så sjekka vi opp dei nye detektorane vi har investert i, høyrde på lydar frå funntypane (jarn, koppar/bronse og edelmetall) – dei varierer mellom detektor-typar.
Så reiste vi over til Bøgrende der vi først testa mot funntypar lagt ut på stein, før vi prøvde oss på jordet ovanfor Sørestugu Nordigard. Der har det vore funne ein god del tidlegare, og her lærte vi at vi måtte ta i bruk «pinpointaren» for finsøk. Og faktisk fann vi ei spenne som kan vere frå folkevandringstida.





Fleire av oss har elles private detektorar og nyttar dei sjølvsagt i samsvar med regelverket på eige ansvar. Dei nye som høyrer historielaget til vurderer vi å leige/låne ut, men da mot skriftleg avtale om at lånar/leigar held seg til regelverket og leverer inn att utstyret til fastsett tid. Nærare om det kjem seinare.