Markdag – tur til Mottrudkoia

Odd Reidar Hole ved Mottrudkoia.

 

Vi var 12 mann/kvinner sterke da vi tok åt frå Leirmoen til Mottrudkoia med Eldrid Riise som kjentmann. Turen gjekk forbi Røkstjønne, over Lågen og opp i lia på burtsida.   Der låg restane etter Mottrudkoia, eit lite krypinn på knapt 7-8  kvadratmeter. Veggene står framleis, dei er mura av stein inn i bakken. Over bakkenivået har det tydelegvis vore eit saltak av tre, sikkert med torv oppå. Ved inngangen var det spor etter ein skorstein. Opphaveleg var koia sett opp av kolbrennarar til overnatting når dei brende kol. Det var ei mengd groper etter kolmiler i området. Eit par år på 1830-talet budde  Ågot Sølfestdotter frå Søre Gongstad i denne koia saman med sonen Steinar på 2-3 år! Det må ha vore eit stussleg tilvære, aleine og så langt frå folk! Dei flytta seinare til Flåtåmoen, Hoset, og sidan har det ikkje budd folk i Mottrudkoia.

På tilbaketuren tok vi ettermiddagskaffeen ved Riise-saga.  Riisesaga er no svært forfallen, men det står att eit gigantisk vasshjul, restane av ein trykkturbin og spor etter andre installasjonar som har vore drive med vatn frå Lågen.

.

Kjell Løftingsbakken studerer vasshjulet på Riisesaga.

Ein særs interessant og triveleg kveld  –  stor takk til Eldrid Riise for ein vel førebudd og fin markdag!

Markdagar 13. og 20. juli

Lesja historielag vil i sommar ha to markdagar under Markens Grøde. I år er temaet for M.G. vatn, og den 13. juli vil Hans Enstad vere med oss og sjå på kulturminna ved Grønfossen og Håmmårfossen .  Den 20. juli vil Rolf Sørumgård syne oss spor etter uttappinga av Lesjavatnet på 1800-talet og kva vasskrafta i Lågen har vore brukt til i stryka mellom Bottheim og Tråsådalen gjennom tidene. Vel møtt til interessante glimt frå fortida i hyggeleg selskap !

 

 

Skriv ein kommentar