Lorkverndagen søndag 30. juli kl. 12.00. -16.00

Som avslutning på Markens Grøde – Lesja, inviterer historielaget til Lorkverndag søndag 30. juli kl. 12.00. Vi presenterer «nyaste » huset på Lorkverna, tørstugu frå Tordhol/Skarphol, og det blir konkurranse om kven som hugsar best det som står på tavlene i turstigen. Som alltid på ein Lorkverndag vil vi demonstrere  kolbrenning, blestring, maling og stamping, og vi har nymale byggmjøl for salg. Det blir servering av vassgraut med tilbehør, og grauten er sjølvsagt kokt på mjøl frå Lorkverna. Vi serverer dessutan kaffe, saft og kake, og all serveringa er gratis.

På Lorkverndagen tek vi 100 kr i inngang. Barn går gratis.

Bildet ovanfor er frå Lorkverndagen i 2013 da brua over Lora vart offisielt opna.

Skriv ein kommentar