Årbøkene 1983 – 2023


Lesja historielag vart stifta i 1981. Alt i 1983 gav laget ut eit årsskrift som inneheldt artiklar om lokalhistoriske emne. Seinare har årsskrifta kome til jul kvart år så nær som i 1988. Da kom  i staden boka ”Setrane i Lesja”, eit eineståande bokverk med teikningar og omtale av praktisk tala alle setrane i heile bygda. Spennvidda i stoffet er stort, frå enkle forteljingar om noko som har skjedd, til meir omfattande artiklar om eit vidare emneområde og med større ambisjonar. Tilfanget av stoff har endra seg sakte, over tid, etterkvart som kjeldematerialet er brukt. Og mange munnlege kjelder har tagna, medan nye kjelder har kome til. Historier frå nyare tid, som den oppveksande slekt ikkje kjenner til, er blitt historie. Historielaget har ei skriftnemnd med ansvar for å samle inn eller å skrive artiklane til årsskriftet. Dei første 8 åra var Arnfinn Kjelland redaktør for årsskriftet, deretter var Audun Einbu redaktør i 11 år fram til han døydde i 2001. Da tok Tor Einbu over, og han var redaktør fram til 2020. Da tok Oddvar Romundset over som redaktør.

Frå 2010 gjekk vi over til å kalle årsskriftet for årbok.  Er du interessert i lokalhistorie, er årbøkene våre vel verdt å eiga. I motsetning til mange andre bøker, blir stoffet i årboka aldri forelda! Dersom du vil skaffe deg oversyn over innhaldet ved å bla gjennom alle årgangane, vil du finne dei på biblioteka i Lesja. Dersom du vil kjøpe årboka, er den nyaste å få på dei fleste butikkane i bygda. Historielaget har dessutan alle årgangane på lager, og dei er å få kjøpt til ein rimeleg pris.

Vi har også for salg følgjande bøker:

Arnfinn Kjelland / Per R. Einbu: ”Setrane i Lesja”

Bjørg Nordset: Kakejern

Audun Høgbrenna: Rips og rabarbra

Hole/Buggeland/Hosar: Rosemåling frå Lesja.

Bøkene våre kan du bestille på kontaktsida vår eller du kan vende deg til Oddvar Romundset Kolstadteigen 4, 2665 Lesja. Tlf. 48043824. E-post romundseto@gmail.com Dersom bøkene må sendast, kjem porto i tillegg. Bøkene kan betalast til kto 2085 27 25312.

Prisliste: Årboka for 2023: Kr. 300

Årsskrift/årbok 1984 – 2022:  Kr. 150 pr. bok. 

Årsskrift/årbøker 1984-2022 samla: Tilbodspris kr. 4150 (Årsskriftet vart ikkje utgjeve i 1988)             

Arnfinn Kjelland og Per R. Einbu:  Setrane i Lesja : Kr 200 pr bok.

Audun Høgbrenna: Rips og rabarbra (dikt): Kr. 250        

Vi har også nokre eldre årgangar av «Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog» for sal. Pris kr 50 pr. hefte.