Kveldsseto i Tunstugu torsdag 10. oktober kl. 19.00
Hausten er over oss og i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea og Venneforeninga ved Bygdemuseet startar vi opp att med kveldsseto andre torsdagen i oktober. Temaet er denne gongen «Lessøe Compagnie» og dei militære sjefane som budde i bygda på 17-1800-talet. Vi har fått historieprofessor Tore Pryser til å halde foredrag om dette emnet, og vi håpar at det også kan koma fram munnleg tradisjon om kapteinane som residerte på forkjellige gardar i bygda.
Det blir som vanleg kaffespleis. Alle er velkomne!