Kulturpris og 40-årsjubileum

Lesja kommune sin kulturpris for 2020 vart i Livsløpsutvalets møte 10/2-2021 tildelt Lesja Historielag. Prisutdelinga foregjekk i  Tunstugu på Lesja bygdemuseum under olsokfesten 29. juli.

Avdelingsleiar ved museet, Ellen Syse ønskte velkomen og leia festen. Vår nyvalde Lesja-ambassadør og lovande sangstjerne, Synne Vorkinn framførte eit par sangnummer før ordføraren fekk ordet.

Ordførar Mariann Skotte gjekk inn på historielagets innsats gjennom mange år og hadde mange rosande ord om lagets arbeid med bevaring og formidling av lokalhistoria. Leiaren i laget, Einar Morken og tidlegare leiar Oddvar Romundset vart kalla fram og mottok ein flott diplom og blomster frå ordføraren. Deretter var det helsing og gratulasjon frå leiaren for eigarstiftinga i Lesja Bygdemuseum, Einar Utgaard. Han påpeika den store plassen historielaget har og har hatt i kulturvernarbeidet i Lesja og roste det gode samarbeidet med museet i alle år.

Avdelingsleiar i Gudbrandsdalsmusea, Ellen Syse roste også det gode samarbeidet, og uttrykte glede over at historielaget no har fått kontorlokale i museet. Da ligg det godt til rette for vidare samarbeid. Ho helsa også frå direktøren i Gudbrandsdalsmusea, Øystein Rudi som også ønskte historielaget til lykke med kulturprisen. Leiar i Gudbrandsdal Historielag, Torveig Dahl bar fram helsingar og takka for det gode samarbeidet både som leiar av regionlaget og som tidlegare direktør for Gudbrandsdalsmusea.

Oddvar Romundset takka for kulturprisen og for hyggelege ord og helsingar. Han såg kulturprisen som ei markering av at det i år er nøyaktig 40 år sidan Lesja Historielag  vart stifta. Han tok utgangspunkt i formålsparagrafen for Lesja Historielag og gav eit oversyn over kva laget har arbeidd med i desse 40 åra. Han framheva den store dugnadsinnsatsen som er lagt ned og kor sentral plass Odd Reidar Hole har hatt i laget både som dugnadsmann og ideskapar. Odd Reidar mottok ein blomsterbukett på vegne av alle dugnadsfolk, både dei som er med oss enda og dei som er gått bort.

Einar Morken, Oddvar Romundset, Odd Reidar Hole og Torveig Dahl

Deretter fekk leiaren i laget Einar Morken ordet. Han takka også for kulturprisen og gode ord, og retta ein særleg takk til den avgåtte leiaren, Oddvar Romundset,  for innsatsen i laget. Einar Morken ønskte han lykke til med sitt nye verv som redaktør for årboka og overrekte han ein blomsterbukett.

Til avslutning song Synne Vorkinn eit par av sine mest kjente songar om heimlengt og det å vera 16 år. Synne legg både som låtskrivar og artist stor vekt på å bruke sitt eige språk og sin eigen Lesja-bakgrunn, og det er sjølvsagt noko som går rett til hjartet åt oss historielagsfolk.

Etter programmet serverte Lesja Bygdekvinnelag nydeleg rømmegraut med flatbrød og nordistugupysje, og til slutt kaffe og ei gedigen marsipankake. Folk gav seg god tid, og praten gjekk livleg rundt borda til langt på kveld.

Skriv ein kommentar