Kulturimpulsar frå Lesja

Dette var tittelen på eit kåseri som Bjørn Austigard frå Eikesdalen heldt i Jønsonbrenna på Lora fredag 31. mai. Over 60 personar hadde samla seg i det gamle steinfjøset som K.M. Bjørneby har ominnreidd til storstugu i Jønsonbrenna. Austigard fortalde på ein underhaldande måte korleis påverknaden frå Lesja og Gudbrandsdalen viste seg i bygningar, rosemåling, steinmuring og mykje anna. Han fortalde også om nokre av dei personane som hadde teke med seg impulsane vestover når dei flytta frå Lesja til Eikesdalen.

Etter kåseriet baud historielaget på kaffe og kringle i det vakre inntunet i Jønsonbrenna.  Det var loddsalg og trekning av gevistar som spente frå antikke blondetruser til nymale byggmjøl frå Lorkverna, Veret viste seg frå si beste side, så alle frammøtte gav seg til og koste seg i den ljose og milde sommarkvelden.010

Skriv ein kommentar