Kongens fortenestemedalje til Odd Reidar Hole

Nestor i Lesja Historielag, Odd Reidar Hole er tildelt Kongens fortenestemedalje for sin aktive samfunnsinnsats, ikkje minst gjennom historielaget. Saman med familie, venner, ordføraren og styret i historielaget mottok Odd Reidar medaljen frå kongens sendebod, fylkesmann Kristin Hille Valla under ei tilstelling på Tunstugu på Lesja den 23. april. Fylkesmannen gjekk gjennom grunngjevinga for tildelinga og nemnde m.a. Lorkverna, Lesja Bygdetun, registreringsarbeid, artiklar i Årbok for Lesja Historielag m.v. Ordførar Steinar Tronhus gratulerte på vegne av kommunen og bygdafolket og framheva betydninga av Odd Reidar sin innsats i kommunestyret, landbruksnemnda, prestegardstilsynet, soknerådet og historielaget, og at det som står att etter han der, har stor betydning for Lesja kommune . Frå historielaget helsa Tor Einbu og Oddvar Romundset. Dei framheva Odd Reidar sine evner som miljøskapar i tillegg til den store arbeidsinnsatsen han har lagt ned for historielaget. Berit Meiningen helsa frå eigarstiftinga for Lesja Bygdemuseum og frå Kyrkjeleg råd og påpeika Odd Reidar sin store innsats med bygningane ved bygdetunet og kyrkja, og for aktivitetene i tilknytning til desse sentrale institusjonane i Lesja.

017

Fylkesmann Kristin Hille Valla deler ut Kongens fortenestemedalje til Odd Reidar Hole

3 kommentarar to “Kongens fortenestemedalje til Odd Reidar Hole”

  1. Loren sa:

    Dag Josh,Dank je wel voor je reactie. Mooi om te lezen waar je je vol passie voor inzet en dat je met veel liefde het beste wilt voor de kiScnree.nudces en veel plezier gewenst in je dankbare werk.Tea

  2. I enjoy reading both. I love the old cowboy stories in the wild west and early times. You’re luncheons, teas and dinner gatherings are as diverse and exciting as your books. Thanks for the fun Jane….Ruth

  3. Tus dibujos me gustan mucho, me pasaron tu blog porque me dijeron que se parece en algo nuestros estilos, por mi parte no me quejo aunque no se qué tan cierto pueda ser. Eres de Obregón? yo soy de Hermosillo, voy a exponer en el Itson en marzo, si estás ahí, me gustaría invitarte.Saludos

Skriv ein kommentar til MN ins quotes