Arkiv for kategorien ‘Nyheiter’

Godt oppmøte på Kveldsseto 9. november!

november 10th, 2022 | Ingen kommentarar

Vi må seie oss godt nøgde med frammøtet på temaet «tolking av gardsnamn»; heile 33 skreiv seg inn i gjesteboka. Tandseterstugu vart nesten for lita, som vi ser av bilda! Arnfinn Kjelland innleidde med vekt på prosessen fram mot bokverket Norske Gaardnavne (NG), og Hans Enstad supplerte med kommentarar til avvikande uttaleformar i verket, varierande […]

Kveldsseto i Tandseterstugu onsdag 9. november kl. 19.00

november 2nd, 2022 | Ingen kommentarar

Tandseterstugu i Lisser på Lesjaskog er ein del av Lesja Bygdemuseum og eit veleigna lokale for kveldsseto. Onsdag 9. november kl. 19.00 vil Arnfinn Kjelland og Hans Enstad snakke om gardsnamn og tolking av gardsnamn. Her vil det vera rom for spørsmål, innspel og synspunkt. Arrangør er Lesja Historielag i samarbeid med Lesja bygdemuseum og venneforeninga […]

Kveldsseto 13. oktober

oktober 6th, 2022 | Ingen kommentarar

Da tek historielaget oppatt tradisjonen med Kveldsseto.