Ka e ditta ?

På martnasdagen under Markens Grøde laurdag 23. juli arrangerte historielaget konkurransen «Ka e ditta ?» På eit bord er det da lagt fram 10 bruksgjenstandar som var i vanleg bruk for ein del år sidan, og konkurransen går ut på å skrive ned kva gjenstanden heiter og kva den vart brukt til. Dei tre som hadde flest rette svar vart premiert med kvar sitt lorkvennkrus.

30 deltakarar leverte inn utfylte svarskjema. På førsteplass kom Tor Einbu, på andreplass Gudbrand Hyrve og på delt tredjeplass Ola Utgaard og Harald Ødegård. Nedanfor ser vi gjenstandane med nummer og fasitsvaret:

1. Eigaren fortalde at dette er ein kakk som vart brukt til å gje kalvane mjølkedrikke. Under tvil godkjende vi også kolle og mjølkebutt.

2. Mea eller medrag. Det blir brukt av laftarar til å dra langs måsåfaret mellom stokkane for å merke på slik at stokkane vart godt tilpassa kvarandre.

3. Ukshøvel som var brukt til å høvle laftestokkar. Den vart brukt av to menn som sat overskrevs mot kvarandre på stokken.

4. Snellehus eller ein snellestokk. Når to sneller var spunne fulle av tråd, kunne dei bli sett i snellehuset og så vart dei to trådane tvinna saman til ein.

5. Bandkniv som vart brukt til å borke trestokkar. Vi godkjende også barkekniv som namn.

6. Jernlest som skomakaren tredde skoen inn på når han skulle feste solar eller reparere sko.

7. Måssåspjot som vart brukt til å stikke gjennom måssålasset for å få løyst det frå underlaget. Da kunne ein bruke hesten til å løyse fast-tela måssålass. Mange merka seg at spissen har eit auga som ei nål, og foreslo at spjotet eller nåla vart brukt når ein skulle jøle fast forlass. Da kunne ein stikke tauet i «nålauga» og dra det gjennom lasset. Dette var så godt begrunna, at vi gav poeng for forslaget.

8. Glasripar eller glas-skjerar. Brukt til å rute opp glasruter når ein skulle erstatte knuste vindaugsruter.

9. Laftebile brukt til å høgge laft.

10. Bryne brukt til å kvesse ljå eller annan kvass reiskap.

Skriv ein kommentar