«Heilag Olav i Lesja 1021» på Lesja kulturhus søndag 10. oktober 2021 kl. 14.00

Gerhard Munte: Kong Olav held ting med bøndene

Snorre Sturlason fortel i sine kongesoger at kong Olav Haraldson, eller Olav Digre som han også vart kalla på denne tida, reiste på kristningsferd i Opplanda i 1021. Han kom med fylgjet sitt opp Romsdalen og overnatta på Bø i Lesja. Der kristna han lesjingane og dovingane før han for vidare over Lordalen og Stavbrekka til Lom og seinare nedover dalen til Hundorp. Overalt der han for, måtte folk ta ved kristendomen eller døy, eller dei rømte unna. På Hundorp skjedde det velkjende møtet mellom Olav og Dale-Gudbrand som førte til at kristendomen vart innført i Gudbrandsdalen.

Om dette skjedde slik Snorre fortel, veit vi lite om. Snorre skreiv soga over to hundre år etter at det skal ha skjedd, og for Snorre var det nok viktig å gje eit positivt bilde av helgenkongen. Men at kristendomen vart innført med kongemakt, og at kongane på denne tida styrte landet ved å reiste ikring i riket sitt, er i alle fall sikkert. Dei stadnamna Snorre bruker, stemmer utruleg godt, så han må ha hatt tilgang til gode kjelder da han skreiv denne soga.

Uansett kva vi måtte meine om misjonsferda til den seinare Heilag Olav, var det ei storhending i landet vårt at vi vart ein del av den kristne kyrkja og dermed fekk del i den store felleskulturen som rådde kring Middelhavet og i stor delar av Europa. Dette er grunnen til at historielaga i dalen er med på markerinaga som er blitt kalla Hundorp 2021. Her i Lesja vil vi konsentrere markeringa om det som skjedde i bygda vår, og vi har derfor kalla markeringa vår «Heilag Olav i Lesja 1021«. Markeringa vil skje på Lesja kulturhus søndag 10. oktober kl. 14.00.

Der vil vi gå gjennom det som i fylgje Snorre skal ha skjedd i Lesja hausten 1021 da kong Olav kom med sine menn, overnatta, kristna folket, sette att prestar og for vidare til Lom. I dei siste åra har vi funne att ein gamal ferdselsveg  frå Lordalsmunningen i Lesja over Vetl-Skardet til Stavbrekka i Lom. Denne vegen må kongen med sine menn ha gått i 1021, det må ha vore den vanlege vegen når hæravdelingar skulle forflytte seg mellom bygdene. Eit sikkert teikn på det, er funnet av eit vikingsverd i Grøhøe for nokre år sidan, ikkje så langt frå vegen gjenom Vetlskardet. Eit sverd er ikkje noko jaktvåpen, det må ha tilhøyrt ein soldat på veg over fjellet og som kanskje hadde gått seg bort, forulykka eller rømt frå tenesta.

Kai Ove Riise vil den 10. oktober fortelja om  denne ferdselsvegen og om gjenoppdaginga av den,  pilgrimsprest Hans-Jacob Dahl vil fortelja om Olavstradisjonar og konservator Vegard Vike ved Kulturhistorisk Museum (oldsaksamlinga) vil den også kome til Lesja denne dagen og ha med seg vikingsverdet frå Gråhøe og eit anna vikingsverd frå Lesja. Vi vil få sjå nærare på  vikingsverda «våre», og han vil halda foredrag om vikingsverd og sverdfunn.

Lesja og Lesjaskog sangkor vil koma og skape ei festleg ramme kring arrangementet, og det vil bli servering av suppe med brød, kaffe og biteti. Det er gratis inngang.

Vi håpar mange vil finne vegen til kulturhuset denne dagen og vera med på markeringa av Heilag Olav i Lesja.

 

Vikingsverdet frå Gråhøe

Skriv ein kommentar