Hjelpefiler og nyttige lenker

Under arbeid

Lokalhistoriewiki

har mange gode hjelpefiler:

På Digitalarkivet:

Skanna arkiv, spesielt grunnbok, panteregister, pantebøker, rettargang og skiftemateriale.

Lesje og Dovre Brandassuranceforening vart stifta i 1861. Det skifta seinare namn til Lesja og Dovre branntygdelag.

Liste over utskiftingskart frå Lesja – sjå først på lista over karta frå jordskifteretten, der du finn kartnummeret.

Kart

Da bygdeboka vart utarbeidd, var tilgangen på kart svært avgrensa. Digitaliseringa dei siste 20 åra har endra mykje på det. Hovudnettstaden for kart i dag er norgeskart.no under Kartverket, der ein kan søkje på alle namn som står på dei ordinære karta. Ved å klikke på kartet vil ein få opp ei rute «Se eiendomsinformasjon» (store bokstavar) med kommunenummer og -namn, gardsnummer og bruksnummer m.m.. Her kan ein hake av for å markert eigedomen på kartet, og ein kan klikke på knappen for [Vis mer informasjon].

Da kjem ein til nettsida Se eiendom, der ein kan hente ut opplysningar frå matrikkelen slik det er forklart i dette blogginnlegget.

Ei liknande side er Gårdskart fra NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi). Der søkjer ein opp kommune og legg inn gardsnummer og bruksnummer og får ut all informasjon som gjeld teigar på same gardsbruk, også slike som har anna gardsnummer/bruksnummer. Kvar teig har detaljar om arealfordelinga.

Gammal handskrift

…såkalla gotisk, kan vere utfordrande. På denne sida ligg det eit kurs i å tolke slik gamal skrift.

Ved å klikke på ALFABET øvst på kurssida, får du opp eit eige vindu med små og store moderne bokstavar i venstre side. Klikk på dei, og du får opp ymse skrivne variantar av bokstaven i høgre vindu.