Gardshistorie

Gardshistoriedelane i bygdebøkene (bind 1-3) er skrive etter ein nokså striks mal. Det er lite rein gardshistorie frå dei siste hundre åra, delvis på grunn av at redaktøren Arnfinn Kjelland på 1980- og 90-talet ikkje hadde høve til å samle særleg mange fleire kjelder enn dei han fekk gjennom dei innsamlingane til bygdebokarkivet overlærar Per Berg, Egil Mølmen og Arne Amundgård hadde gjort. Til dømes vart det ikkje samla inn systematisk informasjon om husa på gardane, og nokså overflatisk om arealet, driftsformene (det mest systematiske var når kvart bruk slutta med korndyrking til trusking).

Nå har Arnfinn Kjelland vidareutvikla bloggen Bygdebok for Lesja, som han starta i 2017 i samband med eit eventuelt oppdateringsprosjekt for dei tre bygdebokbinda. Det prosjektet stoppa opp i Lesja kommune utan noko vedtak. Han vil bruke bloggen til å gjere greie for korleis ein sjølv – med alle dei digitale hjelpemidla som er kome etter bygdebokbinda kom, kan utvide gardshistoria (i vid tyding) på eiga hand.

Førebels er desse innlegga lagt ut: