Frå møllarkurset 17. juni

Tilnærma fullt frammøte på Lorkverna for omvisarane i sommar. Sesongstart 21. juni, siste søndag er 17. august. Samlinga Starta med gjennomgang av historia til anlegget, rutinar og omvisarinnhaldet ved senior Oddvar Romundset. Så grundig innføring i bruk av kverna før ein kaffepause. Deretter førstehjelpskurs ved Aud Gjørvad før ein runde med nærare sjekk av og orientering om vasstilføringa til kvern og stampe og regulering av ho.

Første del gjekk innandørs i Møllarstugu.
Første del gjekk føre seg i Møllarstugu
Bruk av sjølve kverna er jo det sentrale, og her er det mykje å sjå etter.
Ei kaffepause med litt biteti høyrer med.
Frå førstehjelpskurset. Frie luftvegar!

Skriv ein kommentar