Fellestur til Ringebu prestegard laurdag 15. august

Lesja Historielag arrangerer fellestur til Ringebu Prestegard laurdag 15. august. Der vil vi få omvisning i utstillingane, hagevandring i prestegardshagen og omvisning i stavkyrkja. Vi får sjå ei omfattande utstilling av maleri som lesjingen Karl Løkke er meister for, og i tilknytning til denne vil Løkke-kjennaren  Lars Tvete halde eit foredrag om kunstmålaren frå Olderlykkja i Lesja.
Ved ankomst får vi servert ein enkel lunsj, og seinare vil det bli høve til å få kjøpt ein kopp kaffe. Servering og billettar til alle utstillingane og omvisninga vil koste tilsaman 220 kr.
Køyring med privatbilar. Har du problem med skyss – kontakt historielaget! Avreise frå Lesja 15.august kl. 09.00 – retur frå Ringebu ca. kl. 14.45. Pris kr. 220 for omvisning, fordrag og servering.
Påmelding til tlf. 480 43 824 innan 3. august.

Ein kommentar to “Fellestur til Ringebu prestegard laurdag 15. august”

  1. hola me encanta la cabecera de tu blog, es una creación personal? Enrica Titus Catlin

Skriv ein kommentar