Fajanseproduksjon på Lesja 1750

«.. S a n d, tjenlig til glasur findes tæt hos Hlæsje Prestegaard, hvortil der med Fordeel blev brugt, af dette Steds Klokker, Viborg, ved den af ham anlagte Fayance – Fabriqve …» skriv Gerhard Schøning i 1775.

På garden Søre Leire i nærleiken av Vesl-Kollstad, ned mot der Lesjavatnet låg den gongen, etablerte klukkar Fredrik Wiborg (1708-1804) fajanseproduksjon tidleg på 1750-talet. Det er bevart nokre få gjenstandar, 4 fat og 2 krus frå denne produksjonen.

Wiborg fann truleg leire i nærleiken, vi trur det kan vera på Kjørvenes som den gongen var ei øy i Lesjavatnet ca. 3 km lenger sør. Sand til glasuren fann han kanskje i i strandkanten nær Søre Leire.

Ein dansk porselensmålar Christian Brøsløw budde i Vågå på denne tida, han deltok truleg i produksjonen, og det måtte vera han som dekorerte fata og krusa som vart produsert.

Det er sagt at grunnen til at det ikkje vart større produksjon, var for dårleg leire og lang transport til der varene kunne seljast. Mangel på brennevirke er også nemnt. Sirkumferensen til jernverket gjekk langt aust for Lesja kyrkje, og verket hadde førsteretten til ved og kol i området.

På Ringebu prestegard har det i sommar vore ei temautstilling om keramikk frå Gudbrandsdalen, og der har fajanseproduksjonen på Lesja fått ein stor plass. Fleire av dei bevarte gjenstandane frå Wiborg-fajansen er utstilt, og fakta om denne produksjonen er presentert i samarbeid med Lesja Historielag. Håpet vårt er at vi kan få fajansedelen av utstillinga til Lesja bygdemuseum seinare.

Vil du vite meir om Wiborg og fajanseproduksjonen på Lesja, kan du lese artikkelen til magister Åse Bay Sjøvold i Årsskrift 1999, Lesja Historielag.

Desse fata veit ein rimeleg sikkert er produsert på Lesja.

 

Dette Lesja-kruset har nok vore utstyrt med lokk

Skriv ein kommentar