Dugnad på Verkensstugu

Arbeidet med å oppgradere Verkensstugu er i gang. Det var ein stor jobb å få tømt huset for rusk og rask og å få golvet reint. Der var det tjukke lag av gamal møkk, så der måtte vi gå drastisk til veks med skraper, skulekost og vaskebøtter i fleire omgangar før vi fekk det nokonlunde rein. Men no er rommet blitt triveleg, og ventar berre på ein snikkerdugnad for å få rekonstruert hemsen der køyrekarane og knuseverksarbeidarane overnatta. Vi hadde med oss materialar til dette i dag  –  det er materialar som  vart til overs etter  innreiinga av den øvre skålen på Lorkverna. Dei var saga på dugnad på Myrvangsaga for eit par år sidan.

Opplasting av materialar på Lorkverna

Verkensstugu på Filling

Rolf Sørumgård med  materialstabelen på nyvaska golv

Vi sjekkar med faglitteraturen

 

Hestane stod nede og karane sov på skjellen

 

Bord og benker for besøkande

Skriv ein kommentar