Årsmøtet 2013

Lesja historielag hadde årsmøte på Lesjaskog skule 20. februar. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjend.  Årsmeldinga  er lagt ut på heimesida.

I styret var Oddvar Romundset, Tor Einbu, Kjell Løftingsbakken og Hans Morken på val. Dei tre første hadde takka ja til å halde fram  og vart attvald for to år. Hans Morken hadde sagt frå seg, og Einar Morken vart vald inn i styret for to år. Oddvar Romundset vart attvald som leiar for 1 år. Frå før sit Magnhild Lia, Odd Reidar Hole og Eldrid Riise i styret.

Leiaren orienterte om følgjande saker:

–          Fram til 1. november  foregår det ei  landsomfattande innsamlinga av livsminne. Alle som er fødd før 1950 og som kan tenkje seg å skrive ned livsminne,  kan kontakte Historielaget for hjelp og rettleiing.

–          Historielaget vil vere med på å markere 100-årsjubileet for allmenn røysterett ved å fokusere særskilt på Hanna Flittie. Ho var ei forgangskvinne på fleire måtar, m.a. vart ho vald inn i kommunestyret i 1902  –  11 år før kvinnene fekk røysterett på line med menn.

–          Vi er med på 150-årsmarkering av delinga av kyrkjesoknet den 19. mai – 1. pinsedag.

–          Dugnadsfest på Tunstugu 20. mars

–          Ofiisiell opning av brua ved Lorkverna er  planlagt til 15. juni

–          Dugnader ved Lorkverna  –  restaurering av smie, kultursti og rydding etter brubygginga

–          Markdagar  – styret er opne for forslag

–          Bjørn Austigard kjem til Jønsonbrenna 31. mai og vil m.a. fortelje om kontakten mellom Lesja og Eikesdalen i eldre tider

Elevar ved Lesjaskog skule syrgde for servering av kaffe, rundstykke og kake.  Under kaffen var det loddsal og trekning av mange fine gevinstar. Til slutt heldt direktør ved Gudbrandsdalsmusea, Torveig Dahl eit interessant foredrag med tittelen: «Museum og historielag – samarbeid og arbeidsdeling».

Skriv ein kommentar