Årboka 2020

 

Vi er både stolte og glade for enda ein gong å kunne legge årboka for Lesja historielag ut for sal. Boka er nr. 37 i rekkja av årbøker, og er smidd over same lesten som dei tidlegare bøkene. Her er ei gode blanding av forteljingar frå «gamle dagar»og meir fagleg funderte artklar fortald i eit folkeleg språk.

Skriurennet på Lesjaskog var ei storhending i si tid. Kvar påskelaurdag samle det ein stor del av den norske alpineliten og publikum frå store område til ein skifest utan like. Hans Enstad har samla mykje av historia om dette rennet i ein rikt illustert artikkel. Frå dagboka til Marie Traasdahl får vi eit innblikk i travle kvardagar i Tråsådalen det andre krigsåret og Tor Nørstegård har ei fornøyeleg lita historie som mor hans opplevde under krigen. Astrid Brekken fortel reflektert om sitt tilhøve til heimgarden og jordbruket og Mette Hole fortel opplevd om stiftinga og framveksten av av eitt av dei mest sentrale kulturlaga i bygda, Lesja Sangkor, som no er 75 år.

Lesja er ei fjellbygd, og lesjingane har nytta fjellet langt vidare enn dagens kommunegrenser tilseier. Dette er tema som Tor Einbu og Oddvar Romundset er inne på med kvar sine utgangspunkt. Lesjingar har i farne tider sett sitt preg på Grøvudalen og Torbudalen i Sunndal kommune. Reindriftssamen Thorkel Finn farta i si tid over dei fleste fjellområda kring Lesja, han var ein fargerik person som fekk ein tung lagnad. Torbjørn Torstad fortel om korleis han i nyare tid under ein jakttur på strabasiøst vis greidde å berge nokre sauer som var snødd inne på fjellet. Fjell er også sentralt i artikkelen som  Anders Romundset har skrive om vår aller eldste historie. Det er historia om da Lesjabygda kom fram i dagen etter å ha vore nedisa i mange årtusen. Dette er ei svært dramatisk historie, og han fortel om dei  spora vi kan sjå etter dette i terrenget den dag i dag!

Skulehistoria for Lesja er enda ikkje skriven, men Rolf Sørumgård og Ola-Jo Botheim tek for seg ein del av denne historia som er lite kjent. Det er historia om da Gudbrandsdalen Amtsskole og Nordre Gudbrandsdalens lndbruks- og husmorskole heldt til i Lesja. Der fekk ungdommar frå bygda ein sjanse til å skaffe seg kunnskap i ei tid da vidare skulegang ikkje var lett tilgjengeleg. Mange talentfulle ungdommar måtte reise ut for å realisere sine evner slik som Ola Halsteinstande og Karl Løkke som Oddvar Romundset skriv om. Andre vart viktige tradisjonsberarar i heimbygda. Ein slik tradisjonsberar frå nyare tid var Martin Bø som Per Jordhøy skriv om.

Gamle dagar kan vera så mangt, og 1950-talet er for dei fleste i dag blitt «gamle dagar». Syver Nøstebø ser attende på barndommen sin på Lora på 1950-talet og fortel om vinteraktivitetar og julefeiring med sine gleder og sorger slik det var for han den gongen.  Vi reknar med at han neste år vil koma attende med barndomsminne frå sommarhalvåret. Som ei helsing frå gamle dagar mottok  bygdemuseet i haust tre trefigurar som Ragnvald Einbu skar ein gong i mellomkrigstida. Dette var for oss ukjende  arbeid av den store målaren og trekunstnaren frå Lesja. Artikkelen har med bilde av figurane og omstenda omkring gåva blir fortalt.

Da er vel det meste nemnt bortsett frå dei faste postane med rapportar frå årets sesong på Lorkverna og på bygdetunet, minnegåver, og samandrag av årsmeldinga. Da står berre att det mest vemodige ved årets årbok. Mangeårig redaktør for årboka, Tor Einbu, har bestemt seg for at dette blir den siste årboka frå hans hand. I ein artikkel illustrert med Widerø-bilde frå 1952 oppsummerer han sine erfaringar som redaktør og takkar for seg. Lesja Historielag vil rette ein stor takk attende for den store kulturinnsatsen Tor har gjort for laget og for bygda. Ikkje utan grunn er han forlengst utnemnd til æresmedlem i Lesja Historielag.

Ein kommentar to “Årboka 2020”

  1. Lars Bjølverud sa:

    Hei!
    Ber om å få tilsendt årboka 2020.

    Lars Bjølverud, Pilotveien 8, 0770 Oslo.

    På forhånd takk.

    Med hilsen Lars

Skriv ein kommentar