Vårhalvåret 2020 i Lesja Historielag

COVID 19 OG ÅRSMØTET

Aktiviteten i Lesja Historielag fekk ein bråstopp 10. mars på grunn av viruset «Covid 19». Kveldseto med foredrag av Lars Tvete og utstilling av Karl Løkke-maleri måtte avlysast og årsmøtet, som var bestemt til 25. mars, vart utsett i det blå! Først etter to månader kunne vi ha nytt styremøte, og årsmøtet vart gjennomført 28. mai på biblioteket på Lesja med brukbart frammøte. Aagot S. Botheim sa frå seg i styret etter mange års innsats bl.a. som sekretær og fekk takk og blomster for innsatsen. Bjørg Nordset overtok plassen hennar i styret, og Thorbjørn Torstad overtok som varamann til styre etter KM Bjørneby. Arnfinn Kjelland er i gang med å samle stoff til bok om Lesja Jernverk, og han heldt eit interessant foredrag om arbeidet med å finne kjeldene til jernverkshistoria.

 

VÅRDUGNAD

Den 23. mai var det vårdugnad på Lorkverna med god oppslutning. Husa vart vaska og rydda, og ute vart det raka og pynta opp for sesongen.


Dyktige dugnadsfolk treng ein matbit – Arne Endresplass, Marit Kolstad og Øystein Kolstad

 

FRILUFTSKONSERT

Søndag 14. juni hadde Kjøremgrenda Musikkforening gratis friluftskonsert på Lorkverna. Det vart eit festleg arrangement i nydeleg ver, mange møtte fram og fekk ei strålande musikkoppleving i bruset frå ei flomstor Lora elv!

Glade musikantar på Lorkverna

Ei stor musikkoppleving for eit lydhørt publikum

 

JONSOKFEIRING

Også i år var det Jonsokbrenning på Lorkverna, men heldigvis ikkje så voldsomt som i fjor! Veret var vakkert og grillen vart flittig brukt av nokre titalls personar med stort og smått!

 

VERKENSSTUGU

Historielaget har det siste året lagt ned ein del arbeid for å gjera Verkensstugu på Filling tilgjengeleg og kjent som eit kulturminne frå gruvedrifta på Dalsida midt på 1800-talet. For å hindre at beitedyr grisar til innved huset, bestemte vi oss for å gjerde det inn. Finare hafelle enn tradisjonell skigard kan ein ikkje få, og da Rune Nørstegård kunne skaffe vyrkje fekk vi det opp i løpet av siste veka i juni.

Eit flott gjerde – no manglar berre grindene

 

KARL LØKKE

Om coronaen la hindringar i vegen for oss i mars, er vi ikkje ferdige med Karl Løkke likevel. På Ringebu prestegard er det ei stor utstilling av bilda hans i sommar, og enkelte av dei ei til sals. Historielaget og Venneforreninga ved bygdemuseet er blitt einige om å kjøpe inn eit vakkert måleri frå Olderlykkja der Karl Løkke vaks opp. På museet har dei lova å finne ein høveleg plass for bildet.

 

TUR TIL RINGEBU PRESTEGARD OG STAVKYRKJE

Historielaget har planar om å arrangere ein spesialtur for lesjingar 15. eller 16. august for å sjå denne utstillinga og andre utstillingar på prestegarden. Vi får spesialbehandling med foredrag ved Lars Tvete, omvisning i prestegardshagen, Ringebu stavkyrkje m.v. Når datoen er fastlagt, blir turen kunngjort og det blir høve til å melde seg på.

Skriv ein kommentar