Lesja Historielag under «Markens Grøde Lesja 2018»

Historisk markvandring

Onsdag 25. juli arrangerer Lesja Historielag markvandring i Verket ved Slådalsvegen, eit massefangstanlegg for rein som var i bruk i middelalderen. Rolf Sørumgård og Tor Einbu er med som kjentmenn. Frammøte ved bommen på Vidfloten klokka 13.00. Samkøyring innover til Verket. Vandringa tek 2-3 timar i roleg tempo. Ta gjerne med niste. Deltakaravgift kr. 50,-

Lorkverndag

Søndag 29. juli kl. 12.00 – 16.00. er det Lorkverndag. Vi vil fortelja om Lorkverna, det vil foregå maling, stamping, kolbrenning og blestring. I programmet inngår også lansering av diktsamlinga «Rips og Rabarbra». Historielaget har fått æra av å gje ut den nyaste diktsamlinga til  lyrikaren Audun Høgbrenna. Audun  vil sjølv vera til stades og lesa frå denne femte diktsamlinga frå hans hand. Sal av diktbøker med høve til signering av forfattaren.

Det blir servering av kaffe, saft og kaker, og sidan temaet for årets Markens Grøde er rein, vil folkeakademiet selja jordgropsteikt reinskjøt med tilbehør. I tillegg til diktsamlinga vil vi selja eit par andre bøkutgjevingar, Lorkvenn-krus, mjøl, og historisk video om Lorkverna på minnepinne!

Inngang kr. 100,- for vaksne. Barn gratis.

Olsokfest på Bygdatunet

Søndag 29. juli er det Olsokmesse i Lesja kykje kl. 19.00. og Olsokfest på bygdatunet kl. 20.00. Der blir det festtale ved ordførar Mariann Skotte, allsang og musikalske innslag ved Eil Alma og Håkon. Også her vil vi presentere diktsamlinga «Rips og rabarbra» og Audun Høgbrenna vil lesa frå samlinga. Det blir enkel servering og høve til ein god prat! Inngang kr. 100,-

Skriv ein kommentar