Byggestart for bru over Lora

I månadsskiftet oktober/november går vi i gang med bygging av utleggarbru over Lora ved Lorkverna. Det er Jora Bygg og Laft som skal forestå byggearbeida. Tømmer til brua er hogd på dugnad etter materialliste frå  firmaet.  I fjor stod Jora Bygg og Laft for arbeidet  med den nye utleggarbrua ved Skamsdalssetrene. Vi veit derfor at dei kan dette med utleggarbru, og at vi får ei bru som vil passe inn i det bygningshistoriske miljøet ved Lorkverna. Når brua er på plass, vil  kulturminna på begge sider av elva bli bundne saman til ein heilskap, og ikkje minst vil turområda på begge sider henge saman. Dette er eit prosjekt vi har arbeidd lenge med, og som vi gler  oss svært på kome i mål med.

I tillegg til dugnadsarbeidet og eigne midlar  er prosjektet er finansiert med tilskott frå Sparebankstiftelsen, Lesja kommune («Smilmidlar»), Lesja fjellstyre og gåve frå Ingrid og Magnus Jøndal.

 

.

 

Skriv ein kommentar