Kakejern

Kakejern eller bakstjern har røter i forhistorisk tid og er gjennom tidene blitt brukt til å lage nattverdsbrød, men også kaker til fest og høgtid. Framleis er vaffeljernet flittig i bruk, og for mange blir det ikkje jul utan goro og kromkake. I Lesja vil vi dessutan gjerne ha avletter og skrivabrød, og her finst det gjerne frå gamalt fleire kakejern på kvar gard. Denne boka tek for seg utviklinga av kakejerna og kakene og viser kva for rik kulturtradisjon kakejerna representerer både i smedkunst og matkunst.

Boka er å få kjøpt i lokale butikkar eller kan tingast direkte hos Lesja Historielag på tlf 480 43 824 eller på e-post: romundseto@gmail.com