Truskardag på Storkollstadjordet.
Markens Grøde 2019 hadde KORN som tema. Lesja Historielag har fygd opp dette med historietime om korndyrking på bygdatunet martnasdagen 20. juli og med malting av korn for brygging av øl i tørstugu på Lorkverna i samband med Lorkverndagen 28. juli. Da hadde vi også filmframsyning om tradisjonell korndyrking, kverna gjekk trufast og vi serverte vassgraut kokt av nymale byggmjøl.
Kornet er grodd og tørka og blitt til malt som det kan bryggjast øl av
Torsdag 26. september frå kl.12.00. arrangerer Lesja Historielag truskardag på Storkollstadjordet like ved riksvegen i samarbeid med Aasmund Kolstad som eig åkeren. Hausting av korn med skurtruskar, sjølbindar, ljå og skyru vil bli demonstrert. Det blir kaffe-severing i åkerkanten! Alle interesserte bør nytte denne eineståande sjansen til å sjå historia om korndyrking i Lesja i praksis!
Åkeren på Storkollstad i august – no er han gyllen og fullmogen