Tørstugu på Lorkverna
Da Lorkverna var i tradisjonell drift fram til på 30-talet, var det i tillegg til kvernhuset, stall, bustadhus for møllaren, tørstugu og stampehus på området. Som kjent er alle husa så nær som tørstugu bygd opp att eller restaurert. Den gamle tørstugu er forlengst forsvunne, men det er lett å få auga på restar av murane ho stod på, tomta var midt i det området som no er møblert med bord og benkar. Tørstugune vart først og fremst nytta til å tørke kornet før maling og til tørking av malt for ølbrygging. Enkelte gardar hadde eiga tørstugu, men ofte hadde fleire gardar tørstugu i lag. På grunn av brannfaren stod tørstugu gjerne i trygg avstand frå gardstuna. Slik var det med to Tordhol-gardar og to Skarphol-gardar, dei åtte tørstugu i lag og ho låg øvst i jordet langt frå dei andre husa. I denne tørstugu var klebersteinsomnen, pipa og hjellane der dei la kornet framleis intakt, men huset bar preg av at det ikkje hadde vore brukt dei siste 60-70 åra. Etter initiativ frå Lars B Tordhol fekk historielaget i haust tilbod om å overta huset vederlagsfritt for flytting og oppsetting ved Lorkverna. Styret i historielaget tok med takk imot tilbodet og fekk overlevert ei overdragelseserklæring underteikna av dei fire eigarane, Bjørn Magnus Tordhol, Håkon Oddbjørn Tordhol, Bernt Ivar Tordhol og Lars B Tordhol.
Første veka i november hadde vi dugnad på nedtaking og flytting av tørstugu frå Tordhol til Lorkverna. Der har vi funne ny tørstugutomt på plassen sør for stallen. Tre traktorar og sju mann var i aktivitet, og både tømmeret og steinen vart køyrt fram til tomta og lagt klart for gjenreising. Bileta viser tørstugu slik ho stod før flyttinga.