Stemmerettsjubileet 1913-2013 og Hanna Flittie (1864-1932)
I år er det 100 år sidan det vart allmenn røysterett i Norge. Etter mange års kamp vart det i 1913 vedteke at også kvinnene skulle få røysterett. Likevel tok det mange år før kvinnene for alvor gjorde seg gjeldande i politikken, både i storting og regjering og i kommunestyra.
I Lesja hadde vi ein pionèr på dette området. Alt i 1902 møtte Hanna Flittie som representant i det som da vart kalla Lesje Herredsstyrelse. Hanna Flittie var ein markant personlegdom på så mange måtar. Ho bygde opp og dreiv landhandel i mange år. Ho bygde seg også opp eit gardsbruk med eiga seter.
Hanna Flittie var sterkt engasjert i politikk og kultur. Ho var tidleg ute med å ta i bruk det reine norske flagget og ho var ein av dei første i Lesja som gjekk inn for landsmålet eller nynorsken.
I samband med stemmerettsjubileet vil Lesja Historielag fokusere ekstra på Hanna Flittie og det ho stod for. Vi har all grunn til å vere stolte av at Lesja har fostra ei kvinne som var så langt framfor si tid, og som sette seg så i respekt at ho vart vald inn i kommunestyret før kvinnene hadde stemmerett.