Dovre historielag planlegg ein to-vekers tur i områda i Dakota og Minnesota der mange innvandrarar frå Dovre og Lesja slo seg ned på 18 – 1900-talet.
Medlemmer av Lesja historielag er også velkomne til å bli med på turen. Onsdag 18. april kl. 19.00 arrangerer Dovre historielag møte på Toftemo turiststasjon der det blir orientert om turen. Interesserte er velkomne til dette møtet – sjå annonse i Vigga for 12. april.
Publisert i Nyheiter
Årsmeldinga for 2011 er no lagt ut på heimesida – sjå under «Om oss»
Publisert i Nyheiter
Årsmøtet vart halde på Lesja bibliotek torsdag 29. mars klokka 19.00. Årsmelding og rekneskap vart godkjend. Bjørg Einbu og Arnfinn Sønstebø hadde sagt frå seg i styret, og Eldrid Riise og Magnhild Lia vart vald inn i styret for to år. Oddvar Romundset vart attvald som leiar for eitt år til. Fullstendig referat frå årsmøtet vil bli lagt ut seinare.
Etter årsmøtet heldt Arnfinn Kjelland eit interessant foredrag med tittelen : Slektsgransking i ei digital samtid. Han viste kor lett det no er blitt for alle å nå dei viktigaste kjeldene for slektsopplysningar på nettet.
Publisert i Nyheiter