Også i år vart midsommarnatta markert på Lorkverna. Bålet vart reist på dugnad på føremiddagen laurdag 23. juni, og i år var det massiv bålved av gamle tyrirøter. Dei brann lenge, og restane ligg att som skulpturar av fortidsdyr! Bålet vart tend i 7-tida, og da var grillen varm, kaffen var kokt og veret var brukbart. Meir enn 50 frammøtte kosa seg med god mat og drikke og hyggeleg samver denne ljosaste av alle sommarnetter.
Publisert i Nyheiter
Torsdag 21. juni arrangerte Lesja Historielag for tredje året på rad ein kulturkveld i Jønsonbrenna der temaet var mat og drikke. I år var det vinmonopolets fremste akevittekspert, Halvor Heuch, som heldt eit interessant foredrag om akevittens historie. Det gamle fjøset i Jønsonbrenna var meir enn fullt av interesserte tilhøyrarar.
Etter foredraget benka gjestene seg i tunet der dei fekk kjøpt talerknar med ost frå Avdem gardsysteri med ymse tilbehør arrangert av Bjørg Nordset. Til osten hadde Halvor Heuch vald ut spesielle akevittar og øl frå vinmonopolet, og historielaget hadde for anledningen ordna seg med skjenkeløyve så alle kunne få ein smak.
Veret var med oss denne kvelden, så stemninga var på topp rundt borda. Ein stor takk til verten på Jønsonbrenna, KM.Bjørneby, for det arbeidet han legg ned i desse kulturkveldane og for at han gjestfritt stiller tunet sitt til disposisjon for historielaget!
Publisert i Nyheiter
Søndag 17. juni deltok Lesja Historielag på Hjerleidutstillinga 2012, med presentasjon og utstilling av gamle kakejern eller bakstjern. I tidlegare tider var langskafta kakejern mykje brukt til å lage gode kaker for fest og høgtid i området vårt. På desse jerna steikte ein ulike kakeslag, mest kjent er vaflar, avlettar, goro og krumkake. Odd Reidar Hole har registrert fleire hundre slike jern i området vårt, og Bjørg Nordset arbeider med ei bok om emnet. Dersom du har eller veit om bakstjern som vi ikkje har registrert, må du gjerne ta kontakt med Bjørg.
.
Publisert i Nyheiter