Årsmøte i Lesja Historielag

18. februar 2013 | Ingen kommentarar

Årsmøtet blir halde på Lesjaskog skule, auditoriet og biblioteket onsdag 20. februar kl. 19.00.

Årsmelding, regnskap og valg.

Servering og loddsalg.

Foredrag ved museumsdirektør Torveig Dahl: «Museum og
historielag – samarbeid og arbeidsdeling».

Vel møtt!

Stemmerettsjubileet 1913-2013 og Hanna Flittie (1864-1932)

31. januar 2013 | Ingen kommentarar

I år er det 100 år sidan det vart allmenn røysterett i Norge. Etter mange års kamp vart det i 1913 vedteke at også kvinnene skulle få røysterett. Likevel tok det mange år før kvinnene for alvor gjorde seg gjeldande i politikken, både i storting og regjering og i kommunestyra.

I Lesja hadde vi ein pionèr på dette området. Alt i 1902 møtte Hanna Flittie  som representant i det som da vart kalla Lesje Herredsstyrelse. Hanna Flittie var ein markant personlegdom på så mange måtar. Ho bygde opp og dreiv landhandel i mange år. Ho bygde seg også opp eit gardsbruk med eiga seter.

Hanna Flittie  var sterkt engasjert i politikk og kultur. Ho var tidleg ute med å ta i bruk det  reine norske flagget og ho var ein av dei første i Lesja som gjekk inn for landsmålet eller nynorsken.

I samband med stemmerettsjubileet vil Lesja Historielag fokusere ekstra på Hanna Flittie og det ho stod for. Vi har all grunn til å vere stolte av at Lesja har fostra ei kvinne som var så langt framfor si tid, og som sette seg så i respekt at ho vart vald inn i kommunestyret før kvinnene hadde stemmerett.

Årbok 2012 er no i handelen.

15. desember 2012 | Ingen kommentarar

Endeleg er Årboka 2012 for Lesja historielag komen frå trykkeriet. Som vanleg vil elevar i 6. klasse på begge skulane kome rundt og selje årboka. Dei får ein god provisjon som dei vil bruke til leirskule neste år.  Årboka er også å få kjøpt i lokale butikkar og kostar 200 kr. Dette må vere den perfekte julegåva til alle som er interessert i lokalhistorie, og det gjeld ikkje minst utflytte vener og slektningar!