Turstig i Lordalsmunningen

9. oktober 2014 | 1 kommentar

Lesja Historielag er no i innspurten med turstigen i området kring Lorkverna. Turstigen startar ved den gamle parkeringsplassen sør for Lorkverna, og ein føresetnad for å få fullført han, var bygginga av brua over Lora ved Lorkvenne.  Brua kom på plass i fjor, og både før og etter brubygginga er det nedlagt eit stort arbeid med merking og planering av stien. I prinsippet skal heile den nedre delen av stigen frå starten nede ved parkeringsplassen og opp til gapahuken ved Lorfossen ha universell utforming, dvs. vera tilgjengeleg med rullestol. Turstigen vidare opp frå gapahuken forbi Lorfossen, opp på nivå med Lordalsvegen og vidare nordover langs bakkekanten og ned att Lorsagvegen er nok meire krevjande, men skal vera lett framkomeleg med joggesko.

Arbeidet med stien er gjort på dugnad, og mange  har teke eit tak for å gjera stien lett tilgjengeleg for alle. Største kostnaden med stien utanom dugnadsarbeidet er inforemasjonstavlene om kulturminna og om naturen  i området. Heldigvis har vi fått god økonomisk støtte til dette både frå sparebankstiftelsen, fjellstyret, styret for Lordalen statsallmenning og smil-midlar frå kommunen, så til våren reknar vi med å ha alle ti tavlene på plass.    Sju av tavlene gjeld kulturminna i området. Lorkvenna er kanskje det viktigaste kulturminnet, men vi har også Lorsaga, Gammel-Bernt-saga, ismølla ved Lorfossen, kolmiler, tømmerhogst og verneområde/jakt og fangst. I Lordalsmunningen er det tydelege spor etter isen og vatnet sitt arbeid med landskapet, så vi har ein fyldig geologipost i tillegg til dyrelivet og fuglelivet i området. Bileta nedanfor er frå dugnadsarbeidet  medoppsetting av tavlene denne veka.

 

Dugnadsgjengen klar for innsats.

Dugnadsgjengen klar for innsats.

Ei lita pause i arbeidet i gapahuken. Tavla om ismølla vil henge på veggen inne i gapahuken.

Ei lita pause i arbeidet. Tavla om ismølla vil henge på veggen inne i gapahuken.

 

Tustigen vil ha adkomst frå fire kantar. I tillegg til parkeringa lengst sør, er det to parkeringsplassar ved Lordalsvegen som vil ha skilta adkomster til stigen. Folk som er dårleg til beins kan dessutan kome til stigen ved å ta av frå Lordalsvegen ved reinseanlegget og køyre fram til Lorkvernbrua. Ved parkeringsplassane vil vi setja opp informasjonstavler med kart over heile stien.

Markens grøde 2014.

15. juli 2014 | Ingen kommentarar

006

Lesja historielag har også i år  eit omfattande program under Markens Grøde-arrangementet i Lesja 17. – 20. juli. Lorkvenne vil vera bemanna alle dagane for omvisning og demonstrasjon av maling og stamping. Torsdag den  17. vil det dessutan foregå kolbrenning, og det vil bli sal av kaffe og kringle. På fredag blir det blestring  –  vi lagar jern av myrmalm, og det blir sal av vassgraut med tilbehør. På torsdag og fredag startar vi klokka 10.00. og held på til klokka 16.oo. Salet av mat er det bygdekvinnelaget som tek seg av, og dei startar med det frå klokka 12.00.

Laurdag den 19. juli  inviterer vi til markvandring. Tor Einbu tek oss med til massefangstanlegget for rein på Verket ved Slådalsvegen. Møt fram klokka 18.00. ved bommen på Vidflotten. På turen vil du  få sjå tydelege spor etter korleis folk i forhistorisk tid dreiv matauk ved å lure reinen inn i eit smart og sinnerikt fangstanlegg.

Søndag 20. juli klokka 11.00 inviterer vi til markvandring i Lesjaverk med Einar Morken som kjentmann. Vi vil sjå på kulturminne, og vandringa vil vektleggje korleis det har vore drive matauk med fiske på Lesjaskogsvatnet.  Vi vil få smaksprøver av fisken, og kaffesalg blir det også. Møt fram ved Lesjaverk kyrkje klokka 11.00. søndag føremiddag!

Kulturkveld i steinfjøset i Jønsonbrenna

26. mai 2014 | Ingen kommentarar

IMG_1386

Torsdag 12. juni klokka 19.00 blir det enda ein kulturkveld i Steinfjøset hjå KM Bjørneby i Jønsonbrenna. I år får vi besøk av musikaren og teatermannen Øivind Roos som vil underhalde oss med sang, musikk, historier og ljuging. Det blir servering av gløgg, kaffe og kringle, og det blir loddsalg. Vi håpar på same gode veret vi har hatt dei siste par åra, så kaffedrikkinga kan foregå ut. Biletet  er frå kulturkvelden 2012 da vi hadde besøk av sjefsdestillatør på polet, Halvor Hoech. Den gongen var det fokus på mat og drikkekultur Denne gongen er det humoren som skal stå i høgsetet.   Påmelding til tlf.906 59 559 eller tlf. 480 43 824.