Årsmøtet i Lesja Historielag blir i år på auditoriet på Lesjaskog skule, tysdag 10. mars klokka 19.oo. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vil Ivar Teigum halde eit foredrag om gamle vatningsvegar. Ivar har skrive boka «Utvegar til vatn» om dette temaet, og her er fleire av dei gamle vatningvegane i Lesja med, så dette foredraget er av særleg stor interesse for oss. Det vil sikkert bli høve til å få kjøpt boka og, om det skulle vera nokon som ikkje har fått tak i ho enda. Nedanfor eit bilde av boka og ei bokside med eit kart der vasskanalene i Kvam og Einbu er innteikna.
Publisert i Nyheiter
Lesja Historielag vil ynskje alle medlemmer og samarbeidspartnarar ei riktig god jul og eit godt nytt år.
Nissane på Lorkverna sluttar seg også til ynskjet om ei god jul og eit godt nytt år!
Publisert i Nyheiter
Vi siterer frå redaktør Tor Einbu sitt forord i boka:
Sentralt i år står 1814-jubileet. Vi ser på nokre av dei store linene for landet vårt i dei historiske hendingane dette året, men mest ser vi på det som skjedde lokalt den gongen da Lesja prestegjeld også omfatta Dovre og Øvre Folldalen. Her var det eit betydeleg lokalt engasjement sjølv om ingen frå bygdene våre kom heilt til Eidsvoll.
På årsmøtet vårt i år fekk vi høyre om arbeidet med ei pilegrimslei frå Valldal gjennom Lesja til Fokstugu. Dette og meire til er medkome i årboka. Vi får også ein gjennomgang av folketradisjonane om Heilag Olav, og vi får innsyn i verknader Heilag Olavs verk, både lokalt og nasjonalt.
Artikkelserien om kverner og sager held fram. Dette er den fjerde i denne føljetongen, og nå har vi kome til Lesjaverk. Registreringa fører til mange fine turar. I år er det Lågen frå Lora og nordover som har vore turterrenget.
Mange av artiklane handlar om korleis livet vart levd i Lesja for nokre år tilbake. Gjennom dagbøker og erindringar frå ulike menneske får vi innblikk i kvardag og arbeidsliv, krig og kriser, og korleis dette arta seg i bygda vår. Vi har også med minne frå fangst, fisking og friluftsliv. Eit beinbrot i fjellet i uvegsamt terreng er skildra.
Dei fleste artiklane er skrive av engasjerte amatørar som har gode historier å fortelja. Heldigvis har vi også med oss faghistorikarar som kan å behandle historisk stoff på ein profesjonell måte. Det er slik lokalhistorie skal vera; vi skal ta vare på forteljartradisjonen samstundes som vi skal halde kontakt med fagmiljøa.
Det er all grunn til å sikre seg eit eksemplar, og dette er den ultimate julegåva til utflytta lesjingar – boka kostar framleis berre 200 kr!
Publisert i Nyheiter