«Gryta hennar mor» på Joratunet 25. mars.
6. juni 2015 | Ingen kommentarar
Den 25. mars arrangerte historielaga i Lesja og Dovre temakveld om tradisjonsmat med Astrid Riddervoll og Bodil Nordjordet. Det vart fullt hus og stormande jubel bokstaveleg talt! I tillegg til to glitrande kåseri om tradsjonsmat, var det servering av morr og lefse ved bygdekvinnelaget, musikk ved toradergruppa og allsong. Ein kjempekveld for historielaga som set av overskottet til utgjeving av bok om rosemåling i Lesja og Dovre.
Her er eit par bilde frå kvelden:
Ei lydhør og sakkyndig forsamling lyttar til Astrid Riddervold ogBodil Nordjore.
Ein fin bukett matekspertar! F.v. Anne Karine Holsbrekken, Else Ulekleiv, Marit Tordhol, Bodil Nordjore Astrid Riddervoll og Mari Sæland.
Lorkverndag 6. juni kl. 12.00. – 16.00.
28. mai 2015 | Ingen kommentarar
Lesja Historielag har invitert alle historielaga i Norddalen til ein Lorkverndag den 6. juni. Der vil dei få ei grundig omvisning og orientering om Lorkverna og aktivitetene der. Vi vil demonstrere maling, stamping, kolbrenning og blestring. Grillen og kaffebålet vil vera tent, og vi vil ha god tid til ein hyggeleg historielagsprat attåt kaffekoppen. Det vil vera både kaffe, te og saft å få, og litt biteti også, men ta gjerne med niste for sikkerhets skuld.
Vi håpar på mange tilreisande frå nabobygdene, og vi vonar også at mange av våre eigne medlemmer finn vegen til Lorkverna denne dagen! Bileta er frå dagens førebuingar til storinnrykk laurdag 6. juni!