Kurs i tørrmuring på Lorkverna

27. april 2016 | Ingen kommentarar

Det blir kurs i tørrmuring og muring med leire fredag og laurdag 27. og 28. mai 2016. Bildet er frå smedelevsamlinga på Lorkverna i semtember i fjor. 13 elevar og 4 som var med i fjor brende kol og blestra. Dei begynte også å mure esse i smia. Planen nå er å fullføre arbeidet med essa, og snekre ein govhatt over ho. Start ved høgstdag fredag og avslutning laurdag ca. 16.00. Evt. kan det også arbeidast nokre timar søndag. Ta med tørrmat, vi held eit måltid grillmat begge dagane. Overnatting på Lorkverna. Jostein Espelund er instruktør. Kurset er gratis. Påmeld. til tor.einbu@gmail.com. Arr. Lesja Historielag i samarbeid med Handverksskulen Hjerleid.075

Årsmøtet 2016.

19. mars 2016 | Ingen kommentarar

Til årsmøtet 2016 møtte 29 medlemmer. Jan Stavheim opna møtet med å lesa dikt med lokalhistorisk innhald. Han las både eigne dikt og dikt av andre lokale lyrikarar, det var stemningsfullt og interessant og vart vel motteke av forsamlinga.

Det formelle årsmøtet vart gjennomført utan store overraskingar. Heile styret og alle tillitsvalde tok gjenvalg. Einaste endringa er at Hans Enstad vart erstatta av Ola Slettum i valnemnda. Årsmelding og rekneskap vart godkjend utan merknad. Namna på dei tillitsvalde og årsmeldinga er lagt ut på heimesida under «Om oss».

Årsmøtet vedtok ein ny paragraf om Lorkverna og drifta av den i vedtektene for laget . Leiar Oddvar Romundset orienterte om planane for sommaren og om dugnadsprosjekt som er på gang. På forsommaren er det planlagt offisiell opning av turstigen som no er fullført. Ca. 2. juni blir det kulturkveld i Jønsonbrenna og 11. juni er det planlagt tur til Romsdalsmuseet. Lesja har ansvaret for jonsok på Maihaugen i år, og vi i historielaget har sagt oss viljuge til å delta med eit innslag. Den 16.-23. juli er det Markens Grøde, og temaet i år er sau. Historielaget vil truleg ha tradisjonelt opplegg på Lorkverna med spesielt fokus på stampa og kanskje med servering av jordgropsteikt lammelår. Markdag vart også nemnt.

Elles satsar vi på å skaffe ein god talar til den tradisjonelle Olsokfesten og vi vil delta i markeringa av 100-årsminnet for rasulykka på Kabben som romsdalingane skal arrangere i august. Vi arbeider også med planer om å markere at det er 75 år sidan Gautsjøulykke, og i samarbeid med Lesja Dialekt- og mållag vil vi få til eit arrangement med fokus på språk og da sjølvsagt spesielt lesjamålet. Vi har fått lovnad frå Tor Erik Jenstad, språkmann, forfattar og musikar frå Sunndalen, om at han vil vera med på dette møtet.

I tillegg til dei faste dugnadsprosjekta på Lorkverna med vedlikehald og omvisning, vart nemnd ferdiggjering av tørstugu, restaurering av ei kolbrennarkoie ved turstigen og oppsetting av vasshjul ved Nebba. Dessutan har vi planer om å få i gang dugnadsarbeid med jernverksminna på Lesjaverk og kulturstigen i Gruvlie. I tillegg til årboka har vi to bokprosjekt på gang, bok om kakejern i Lesja og bok om rosemåling. Vi har no god tru på fortgang i dette arbeidet.

Det var 9. klasse ved Lesja skule som tok seg av serveringa på møtet for å tene pengar til klassetur. Under kaffien var det loddsal og mykje god prat. Deretter samla vi oss på auditoriet til eit interessant foredrag om fisking i Lesja ved Per Jordhøy. Leiaren takka til slutt for frammøtet og Jan Stavheim og Per Jordhøy fekk kvar sitt Lorkvernkrus til takk for at dei var med og gav årsmøtet eit løft!

 

Årsmøte onsdag 16. mars kl. 19.00

2. mars 2016 | Ingen kommentarar

DSC01056

Lesja Historielag har årsmøte på biblioteket, Lesja skule, onsdag 16. mars kl. 19.00. Sjå annonse i Vigga og plakatar!

Det blir tradisjonelle årsmøtesaker med årsmelding, rekneskap, innkomne saker og valg, og det blir orientert om planene for 2016.

Vi kan dessutan lova møtelyden eit svært interessant foredrag. Per Jordhøy arbeider med ei bok om fisketradisjonar i Lesja. Som mange veit har bygdefolk til alle tider henta store matressursar frå fjellet i form av fisk. Per har samla mykje kunnskap om dette, og han er interessert i å få innspel til arbeidet sitt, så vi oppfordrar spesielt alle som har fiskeerfaringar om å møte fram.

Det blir servering av kaffe/te med nogo attåt, og det blir sett av god tid til fiskeprat og annan prat. Det blir også loddsalg med fine gevinstar  –  dersom du ikkje har sikra deg Lorkvernkoppen frå før, har du sjansen til å vinne ein av dei få som er att!

(Biletet ovanfor er ikkje frå årsmøte, men frå ein særs vellykka dugnadsfest vi hadde i Jønsonbrenna den 22. januar.)