Lesja Historielag gjev no ut Boka «KAKEJERN» med bakgrunn i ei omfattande registrering av kakejern i Lesja gjennomført av historielaget ved Odd Reidar Hole. Boka er rikt illustrert og tek for seg utviklinga av kakejerna frå tidleg middelalder og til i dag med ei særleg vekt på dei handsmidde kakejerna frå 1700-talet som det finst så mange av her i bygda. Forfattaren av boka er Bjørg Nordset. Ho har sterk forankring i mattradisjonen i Lesja, og har i mange år jobba som heimkunnskapslærar. Ho var redaktør for boka «Mat frå gard og grend» som har kome i tre opplag og som enda er å få.
Kakejern eller bakstjern har røter i forhistorisk tid og er gjennom tidene blitt brukt til å lage nattverdsbrød, men også kaker til fest og høgtid. Framleis er vaffeljernet flittig i bruk, og for mange blir det ikkje jul utan goro og krumkaker. I Lesja vil vi dessutan gjerne ha avletter og skrivabrød, og her fanst det frå gamalt gjerne fleire kakejern på kvar gard. Boka tek for seg utviklinga både av kakejerna og kakene og viser kva for rik kulturtradisjonen kakejerna representerer både i smedkunst og matkunst. Så langt vi har kunna finne ut, er det første gongen denne kulturtradisjonen er kome i bokform. Bildet nedanfor viser forfattaren i sving med eit vakkert handsmidd aposteljernet ho har arva og som har vore samanhengande i bruk i 2-300 år.
Boka blir lansert i Hattremstugu under «Jul i tunet» på Lesja Bygdemuseum laurdag 26. november kl. 12.00. Der blir det boksalg, og boka vil i første omgang også bli seld i lokale butikkar eller direkte hos Lesja Historielag. Boka kostar kr. 300 , dersom du ynskjer å få boka tilsendt, kjem porto i tillegg. Boka kan bestillast hos Lesja Historielag, Kolstadteigen 4, 2665 Lesja eller på e-post oddvar@fjellnett.no
Publisert i Nyheiter
Søndag 25. september arrangerte Lesja Historielag og Venneforeninga ved Bygdatunet i samarbeid med Det Norske Samlaget «kveldsseto» med lyrikaren Guri Sørumgård Botheim i Bellestugu på Bygdatunet. Guri presenterte diktsamlinga si, ho las utvalde dikt, fortalde om bakgrunnen for dikta og tok imot spørsmål og kommentarar frå dei vel 50 frammøtte. Leiaren i venneforeninga, Marit Kolstad, hadde ordna med kaffeservering og varme på skorsteinen i Bellestugu, så det vart ein stemningsfull kveld for alle oss sambygdingar og andre som var møtt fram.
Venneforeninga og historielaget ynskjer å arrangere fleire slike «kveldsseto». Plana er å ha det første torsdagen i kvar månad. I oktober får vi det diverre ikkje til, men vi satsar på å koma att sterkare neste månad, dvs. torsdag 10. november.
Publisert i Nyheiter
Den 25. september 1941 drukna 11 menn i Gautsjøen da båten dei sat i gjekk ned. I 1998 vart det reist ein stein inne ved Gautsjøen til minne om denne ulykka. På steinen står ei metallplateplate med namna på alle dei som omkom. Da steinen vart avduka dette året vart det halde ei minnehøgtid både i bygda og inne ved minnesteinen, begge stader med stort frammøte av slektningar og venner til dei omkomne. (Sjå om dette i årsskrift for Lesja Historielag for 1998.)
I år er det 75 år sidan ulykka skjedde, og ved det høvet vil Lesja historielag arrangere ei minnemarkering ved steinen. Vi har prøvd å informere alle som var berørt av ulykka men arrangementet er ope for alle! Vi vonar derfor at så mange som råd møter fram for å heidre minnet til dei som omkom på så tragisk vis. Markeringa skjer nøyaktig på 75-årsdagen for ulykka, søndag 25. september kl. 13.30.
Under minnehøgtida vil Rolf Sørumgård fortelja stutt om hendinga og Jan Stavheim vil lesa dikt, m.a. det han skreiv i høve reisinga av steinen. I 1941 var presten og kyrkja sentrale i sorgarbeidet etter ulykka, og kyrkja vil vera representert ved prost Paul Skuland.. Ola Ulfsby Bottheim vil forta bekransning av minnesmerket og det blir sang ved Jenny Imenes Nyløkken.
Det blir parkering langs vegen, så vi oppmodar folk om å møte fram i god tid, da det kan bli eit stykke å gå. Vi satsar på at veret er med oss denne dagen! Vi tåler litt regn og ruskever, men blir det snøfall, kan det bli nødvendig å avlyse. I tilfelle blir det sett opp plakat ved bommen til Dalsidevegen.
Vel møtt!
Publisert i Nyheiter