Verkensstugu på Filling

25. mai 2019 | Ingen kommentarar

Styret i historielaget og andre interesserte var i dag på synfaring på Verkensstugu på Filling. Huset vart restaurert av historielaget i 1983, men det er ikkje lett utan vidare å skjønne kva det har vore brukt til.  På 1840-talet var det eit vassdrive knuseverk for krommalm her på Filling. Verkensstugu vart brukt som stall og overnattingshus for dei som arbeidde ved knuseverket eller transporterte malmen. På den tida var det fleire krommalmgruver på Dalsida, og malmen vart transportert  hit for knusing før den vart pakka i kasser og transportert vidare til Veblungsnes for utskiping. Historielaget har no planer om å sette opp skilt og informasjonstavler slik at folk kan bli kjent med denne delen av lokalhistoria.

Men først gjenstår ein del arbeid med rydding og tilrettelegging av Verkensstugu for dette formålet. Innvendig vil vi tilbakeføre huset til om lag slik vi trur det opprinneleg var. Først må huset ryddast og reingjerast skikkeleg, og skjellen der dei overnatta må setjast i stand. Uteområdet må også tilretteleggast, kanskje med bord og benker, og vi må ha ein grei parkeringsplass for besøkande. Vi satsar på å greie å gjennomføre dette på dugnad, og vil starte opp med det i sommar.

 

Vårdugnad på Lorkverna laurdag 11. mai frå kl. 10.00

7. mai 2019 | Ingen kommentarar

Det blir raking, rydding, husvask, vedhogst og anna nødvendig arbeid slik at Lorkverna skal fungere og vera triveleg å koma til. Vi har ein del reiskap og utstyr, men ta gjerne med eige utstyr du veit du vil få bruk for. Det blir servering av vassgraut og skjør, kaffe/te og nogo attåt. Alle er velkomne til å gjera ein innsats for Lorkverna.

Kveldseto på bygdatunet torsdag 9. mai kl. 19.00

7. mai 2019 | Ingen kommentarar

Temaet er tradisjonell bruk av arbeidshestene i landbruket. Malin Heggeli Moen har med hesten sin og Ola-Jo Botheim, Ola Utgaard, Olav Utgård  og Lars Engen fortel og demonstrerer saman med Malin. Kaffespleis. Alle er vel møtt.

Lesja Historielag sitt bilete.