Vedtekter
Vedtekter for Lesja Historielag
§1
Føremål:
Laget har til føremål å vekkje interesse og skapa forståing for bygdehistorie i Lesja. Det vil arbeide for å gjera folk kjent med kulturarven vår, og verne kulturminne av alle slag i bygda
§2
Medlemskap:
Alle som vil stø eller arbeide for føremålet til laget, kan bli medlemmer ved å betale årskontingent. Kontingenten blir fastsett av årsmøtet. Livsvarig medlemsskap kan ein teikne ved å betale ein kontingent som er 10 gonger årskontingenten. Styret for Lesja Historielag kan utnemne livsvarige æresmedlemmer. Historielaget skal stå tilslutta Landslaget for lokalhistorie og Gudbrandsdal Historielag
§3
Årsmøtet:
Årsmøtet er høgste organ for laget. Det blir innkalla av styret med minst 14 dagars varsel, og blir halde innan utgangen av mars månad. Årsmøtet drøfter årsmelding, rekneskap, innkomne forslag, andre saker nemnd i innkallinga, og held val.
Dersom styret eller 1/3 av medlemmene krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte med 14 dagars varsel. Berre saker som er nemnd i innkallinga skal drøftast.
§4
Styret:
Årsmøtet vel styre på 7 medlemmer for 2 år, 3 og 4 annakvart år. Leiaren blir vald av årsmøtet for 1 år inna det valde styret. Styret vel nestleiar og eventuelt kasserar og sekretær. Styret kan og velje kasserar/sekretær av folk utanfor styret. Årsmøtet skal velje 3 varamedlemmer for 1 år i nummerert orden.
§5
Revisjon:
Årsmøtet vel 2 revisorar med varamedlemmer for 1 år. Revisorane kan krevja rekneskapen framlagt for revisjon når dei vil. Rekneskapen skal vera avslutta pr. 31. desember, og skal leggjast fram for revisjon ein gong i februar.
§6
Valkomite:
Årsmøtet vel valkomite på 3 medlemmer for 3 år. Fyrste gongen blir det vald 1 medlem for 1 år, 1 medlem for 2 år og 1 medlem for 3 år. Den som står på val, er leiar.
§7
Lorkverna:
Lesja Bygdemuseum ved eigarstiftinga er ansvarleg eigar av Lorkverna. Lorkverna omfattar i denne samanhengen hus og andre byggverk med inventar og tekniske installasjonar, uteområde, stigar, info-tavler, atkomstvegar og parkeringsplassar m.v. Etter avtale med eigarstiftinga, har Lesja Historielag ansvar for drift, vedlikehald og vidareutvikling av Lorkverna. Styret i historielaget har fullmakt til å utnemne ein Lorkvern-komite som skal stå for årleg tilsyn og vedlikehald av anlegga. Styret avgjer medlemstal og mandat for komiteen og har ansvar for økonomistyringa.
§8
Årboka:
Lesja historielag gjev kvart år ut ei årbok med lokalhistoriske artiklar. Til å stå for arbeidet med årboka, har historielaget ei skriftnemnd. Styret bestemmer kor mange medlemmer nemnda til ei kvar tid skal ha og kven som skal vere med i nemnda. Ein av medlemmene i nemnda er redaktør for årboka. Styret gjer avtale med redaktøren om eventuell godtgjersle for arbeidet.
§9
Lesja Bygdemuseum – eigarstiftinga:
Historielaget skal velja 2 medlemmer med personlege varemedlemmer til styret for Lesja Bygdemuseum. Medlemmene blir vald for to år, og slik at ein er på val kvart år. Styret i historielaget står for dette valet.
§10
Lovendringar:
Endring av denne lova kan berre årsmøtet gjera når det er kunngjort i innkallinga, og det krevst 2/3 fleirtal.
§11
Oppløysing:
Vedtak om oppløysing av laget kan berre bli gjort av årsmøtet, og det krevst 2/3 fleirtal. Eigedomen åt laget skal i så fall nyttast i det lokale kulturarbeidet etter retningsliner fastlagde av same årsmøtet med vanleg fleirtal.
Desse lovene er vedteke på årsmøtet den 18. april 1994.
Endring vedteke på årsmøtet 26. mars 2000 (æresmedl.skap).
Endring vedteke på årsmøtet 25. mars 2009 (antal medl. styret Lesja bygdemuseum-eigarst.).
Endring vedteke på årsmøtet 29. mars 2012 (om boknemnda).
Endring vedteke på årsmøtet 8. mars 2017 (Ny § 7 om Lorkverna)