Medlemskap
I vedtektene for Lesja historielag står det at ”alle som vil stø eller arbeide for føremålet til laget, kan bli medlemmer ved å betale årskontingent.”
Lesja har ei lang historie og rike tradisjonar på mange område, så vi har all grunn til å interessere oss for historia vår. Vi i historielaget er kanskje mest opptekne av den nære historia, kvardagslivet for folk flest slik det har vore levd i Lesja gjennom generasjonar.
Aktivitetane våre er mangfoldige. Vi har møte og kurs om historiske emne, vi har turar og markdagar, vi har dugnader, vi driv med maling av korn , stamping av tøy, blestring av jern og kolbrenning på Lorkvenne. Vi arrangerer Olsokfest på bygdatunet og Jonsokbrenning på Lorkvenne, og vi gjev ut ei årbok med mange interessante lokalhistoriske artiklar.
Ei viktig side ved alle aktivitetene er trivsel og sosialt samver, enten vi har markdag, dugnad eller er på møte!
Kontingenten er svært beskjeden, 100 kr. for 2024 (vedteken til kr. 150 for 2025).
Viss du var medlem frå før, får du tilsendt medlemskontingentfaktura. Vi du bli medlem, klikk på Innmeldingsskjema i menyen til høgre.
Har du spørsmål kan du kontakta oss på e-post: post@lesjahistorelag.no
Æresmedlemer
Øystein Mølmen og Audun Einbu (utnemnt 2001)
Odd Ragnar Hole (utnemnt 2009)
Otto Kornkveen og Tor Einbu (utnemnt 2018)