Markens grøde 2014.
Lesja historielag har også i år eit omfattande program under Markens Grøde-arrangementet i Lesja 17. – 20. juli. Lorkvenne vil vera bemanna alle dagane for omvisning og demonstrasjon av maling og stamping. Torsdag den 17. vil det dessutan foregå kolbrenning, og det vil bli sal av kaffe og kringle. På fredag blir det blestring – vi lagar jern av myrmalm, og det blir sal av vassgraut med tilbehør. På torsdag og fredag startar vi klokka 10.00. og held på til klokka 16.oo. Salet av mat er det bygdekvinnelaget som tek seg av, og dei startar med det frå klokka 12.00.
Laurdag den 19. juli inviterer vi til markvandring. Tor Einbu tek oss med til massefangstanlegget for rein på Verket ved Slådalsvegen. Møt fram klokka 18.00. ved bommen på Vidflotten. På turen vil du få sjå tydelege spor etter korleis folk i forhistorisk tid dreiv matauk ved å lure reinen inn i eit smart og sinnerikt fangstanlegg.
Søndag 20. juli klokka 11.00 inviterer vi til markvandring i Lesjaverk med Einar Morken som kjentmann. Vi vil sjå på kulturminne, og vandringa vil vektleggje korleis det har vore drive matauk med fiske på Lesjaskogsvatnet. Vi vil få smaksprøver av fisken, og kaffesalg blir det også. Møt fram ved Lesjaverk kyrkje klokka 11.00. søndag føremiddag!