Kveldsseto måndag 18. mars kl. 19.00 startar i Lesja kyrkje!
Lesjakyrkja er tema for kveldsseto denne gongen. Vi møtest i kyrkja der kyrkjeverje Torunn Stavheim vil fortelje om kyrkjebygget og utsmykninga. Vi vil sjå nærare på treskurden i altertavla og preikestolen som Jakob Bersveinson Klukstad var meister for. Og vi vil studere målinga av inventar, tak og vegger slik den står att etter Ragnvald Einbu. Vi vil også sjå på dei andre detaljane i kyrkjerommet og høyre historiene om dei. Etter omvisninga og samtalen i kyrkja, fortset kveldsseto i Hattremstugu der det blir kaffespleis og ein god prat der også.
NB: Legg merke til tidspunktet: Måndag 18. mars kl. 19.00.